Cardinalis
Cardinalis | |
Ørkenkardinal, Cardinalis sinuatus Frå Tucson Mt. Park, Arizona Foto: Don Faulkner
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Kardinalar Cardinalidae |
Slekt: | Cardinalis Bonaparte, 1838 |
Cardinalis er ei lita biologisk slekt av tre fargerike fugleartar som er medlemmer av kardinalfamilien, Cardinalidae. To artar, raudkardinal og ørkenkardinal, lever i sørlege Nord-Amerika, sinoberkardinal lever i nordlegaste Venezuela inkludert øya Margarita, og litt inn i Colombia.
Det karakteristiske for Cardinalis-artane er svært oppreiste fjørtoppar, kraftige, koniske nebb og lange halar. Dei syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakt og storleik, ved at hannar har friske, raudlege farger, hoer er noko meir avdempa i brunleg, gråleg og bleik gulbrunt. Storleiken er frå 19 til 23,5 centimeter i kroppslengd, hoer er litt mindre enn hannar.
Tørre og opne til halvopne habitat er føretrekte. Dei to nordlegaste artane kan leve i opptil 2000 moh. og har hovudsakleg vegetabilsk føde på menyen, medan sinoberkardinal kan ete virvellause dyr i tillegg til frukt og frø.
Dette er standfuglar. Dei er klassifiserte som livskraftige artar av IUCN.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Cardinalis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Sinoberkardinal, Cardinalis phoeniceus, Vermilion Cardinal, Bonaparte, 1838, (LC)
- Raudkardinal, Cardinalis cardinalis, Northern Cardinal, Linné, 1758, (LC)
- Ørkenkardinal, Cardinalis sinuatus, Pyrrhuloxia, Bonaparte, 1838, (LC)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- BirdLife International (2017) IUCN Red List for birds Henta frå http://www.birdlife.org 19. november 2017
- (2017). Søk på artar i slekta Cardinalis i: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table', henta 19. november 2017
- Referansar
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)