Cesc Fàbregas
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Francesc Fàbregas i Soler | ||
Fødd | 4. mai 1987 (37 år) | ||
Fødestad | Vilassar de Mar | ||
Høgd | 175 cm [1][2] | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Barcelona | ||
Nummer | 4 | ||
Ungdomsklubbar | |||
-1997 1997-2003 2003 |
Matarò Barcelona Arsenal | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2003-11 2011- |
Arsenal Barcelona |
212 (35) 96 (28) | |
Landslag | |||
2004-05 2006- 2004- |
Spania U21 Spania Catalonia |
12 (8) 89 (13) 3 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 9. mars 2014 |
Francesc Fàbregas i Soler (fødd 4. mai 1987 i Vilassar de Mar i Catalonia) er ein spansk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Barcelona i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han vart kåra til årets unge spelar i England i 2008. I 2009/10-sesongen var han Arsenal sin toppskårar i Premier League med 15 seriemål. Han vart seriemeister i Spania med Barcelona i 2013 og var med å vinna VM for klubblag med same klubben i 2011. Han debuterte for Spania sitt A-landslag 1. mars 2006 i ein privatlandskamp mot Elfenbeinskysten og vart då den yngste spanske A-landslagsspelaren på 70 år. Under fotball-VM i 2006 spelte han i alle Spania sine fire kampar, to frå start og to som innbytar. Under fotball-EM i 2008 var han mest innbytar, men spelte frå start i finalen mot Tyskland, då Spania vart europameistrar. Då Spania vart verdsmeistrar i 2010, spelte han i fire av kampane, og kom inn som innbytar i finalen mot Nederland. I fotball-EM i 2012 spelte han i alle Spania sine seks kampar då dei igjen vart europameistrar.