Claude Lévi-Strauss
Claude Lévi-Strauss (28. november 1908–30. oktober 2009) var ein fransk sosialantropolog, fødd i Brussel og død i Paris. Han var ein av dei antropologane i det 20. hundreåret med størst innverknad på faget, retninga han utvikla vert kalla strukturalismen. Fleire av arbeida hans har påverka fag som litteraturvitskap, folkloristikk, sosiologi og religionshistorie.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Frå 1935 til 1938 var Lévi-Strauss professor i sosiologi ved universitetet i São Paulo i Brasil. Deretter var han frå 1941 til 1945 tilsett ved New School for Social Research i New York, før han i 1946 til 1947 var fransk kulturattaché i Washington D.C. Frå 1950 arbeidde han ved École des Hautes Études i Paris og sidan 1959 som professor i sosialantropologi ved Collège de France i den same byen.
Lévi-Strauss var mykje oppteken av ulike samfunns filosofi og tenkemåte, deira oppfatning og klassifisering av tilværet. Han hevda at det menneskelege intellektet fylgjer dei same logiske grunnprinsippa overalt. Si strukturalistiske lære utvikla han til ein universalistisk modell til forståing av menneskelege samfunn og kulturar, der «gjenstandane» vert sett i eit globalt perspektiv.
Ein grunnleggjande premiss for dei strukturalistiske teorisystema er postulatet om at menneskehjernen, fordi den alle stader er likt konstruert, sorterer inntrykka på same vis. Hjernen ordnar inntrykka gjennom motsetningar, kontrastar og relasjonar, ved å stille dei opp i binære opposisjonar.
Materialet henta Lévi-Strauss frå mytologi, folklore og sosiale organisasjonsformer. I sine analysar var han inspirert av franske antropologar og sosiologar som Marcel Mauss og Émile Durkheim, samt av nyare strukturell lingvistikk og marxistisk dialektikk.
Lévi-Strauss sikta mot å avdekke dei universelle strukturane som fører til ulike former for samfunn og religiøs praksis, til dømes totemisme andsynes kastesystem.
Arbeidet hans påverka moderne filosofi. Mellom anna kritiserte han det eksistensialistiske synet til landsmannen Jean-Paul Sartre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sommerfelt, Axel: Claude Lévi-Strauss i Store norske leksikon på snl.no. Henta 31. oktober 2021.