County Fermanagh
County Fermanagh | |||
Contae Fhear Manach | |||
|
|||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | Storbritannia | ||
Hovudstad | Enniskillen | ||
Areal | 1 691 km² | ||
Folketal | 57 527 (est.) | ||
Folketettleik | 34 / km² | ||
Provins | Ulster | ||
County Fermanagh 54°21′N 7°38′W / 54.35°N 7.63°W | |||
Kart som viser County Fermanagh.
| |||
Wikimedia Commons: County Fermanagh |
County Fermanagh (irsk Contae Fhear Manach) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.
County Fermanagh grensar til Tyrone i nordaust. Av grevskap i Republikken Irland grensar Fermanagh til Donegal i nord, Leitrim i vest, Cavan i sør og Monaghan i aust.
Etter omlegginga av lokalstyret i Nord-Irland vart distriktet Fermanagh oppretta. Dette omfattar heile det gamle grevskapet, i tillegg til delar av det gamle Tyrone.
Grevskapet utgjer den vestlegaste delen av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.
Landskapet i Fermanagh er dominert av dei to innsjøane Øvre og Nedre Lough Erne. Det høgaste punktet i Fermanagh er Cuilcagh på grensa til Cavan, 665 moh.
Dei viktigaste næringsvegane er landbruk og turisme. Området er eit populært feriemål, spesielt for båtferie på Lough Erne og kanalen mellom innsjøane og elva Shannon.
Den viktigaste byen er Enniskillen, som tidlegare var administrasjonssby i grevskapet. Andre byar er Irvinestown og Lisnaskea.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «County Fermanagh» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.