Dagleg leiar
Dagleg leiar er i norsk rett den personen som har ansvaret for den daglege leiinga av eit føretak. Dei fleste i Noreg som er daglege leiarar, har denne funksjonen i eit aksjeselskap. Aksjeselskap er det mange av i Noreg, og aksjelova krev at alle desse skal ha ein dagleg leiar. Men det er også daglege leiarar i ansvarlege selskap, samvirkeføretak og andre føretaksformer. Dagleg leiar er underlagt styret og generalforsamlinga/selskapsmøtet, og er bunden av dei pålegga desse vedtar.
I tillegg til å vere arbeidstakar er dagleg leiar også eit selskapsorgan, det vil seie at han har rettar og plikter som følgjer av lovgjevinga.
Å utøve dagleg leiing er i utgangspunktet å ha ansvaret for alle moglege saker. Grensa går oppover, mot saker som er av «uvanleg art eller stor betydning», typisk vesentlege investeringar, kjøp og sal av fast eigedom osv. I slike tilfelle er det i utgangspunktet styret som har myndet. Ofte er det likevel praktisk at dagleg leiar kan tildelast mynde også i slike saker, for å spare styret for arbeid. Dette kan løysast ved at dagleg leiar blir gitt firmateikningsrett, signatur, eller blir tildelt prokura.
Den mest utførlege reguleringa av dagleg leiar si rolle finn ein for aksjeselskap. Dagleg leiar har blant anna rett til å vere til stades på generalforsamlinga og seie si meining om dei sakene som er til handsaming. Dagleg leiar har også plikt til å gi rapport til styret om selskapet si verksemd, stilling og resultatutvikling, og ansvar for at selskapet sine rekneskap er lovlege og at selskapet si formuesforvalting er ordna på ein trygg måte.
Ein dagleg leiar kan i større føretak ofte ha tittelen administrerande direktør.