Den brasilianske grunnlova
Den føderale republikken Brasil si grunnlov (portugisisk: Constituição da República Federativa do Brasil) er den høgste, overordna lova i Brasil og dannar grunnlaget for lovgjevinga i Brasil og den føderale brasilianske regjeringa. Lova gir rammene for organiseringa av den brasilianske regjeringa og for tilhøvet mellom den føderale regjeringa, statane, innbyggjarane - og alle menneske innanfor Brasil.
Den sjuande og noverande brasilianske grunnlova blei kunngjort 5. oktober 1988 etter ein toårig prosess, der heile lova hadde blitt skriven frå grunnen av.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den noverande grunnlova blei skriven som ein reaksjon etter perioden med militærdiktatur. Lova søkjer å garantere individuelle rettar og redusere statlege inngrep i fridomen for den einskilde.
Grunnlova krev òg streng straff for brot på borgarrettane. Som følgje av dette har Brasil seinare vedteke ei lov som kriminaliserer fordomar mot minoritetar og etniske grupper. Lova gir heimel for juridisk reaksjon mot dei som spreier hat eller ikkje handsamar alle borgarar likt. Dette aspektet har opna for at menneske med funksjonshemming har rett på ein viss prosentdel av arbeidsplassane både i offentleg forvalting og i store bedrifter. Det har òg opna for at afrobrasilianarar kan søkje rettsleg oppreising etter rasisme.
Ved å bryte med den autoritære logikken frå den førre grunnlova, og samstundes styrkje straffereaksjonane for brotsverk som tortur, handlingar retta mot den demokratiske staten og den konstitusjonelle ordenen, er lova retta inn mot å blokkere for statskupp av alle slag.
Grunnlova opnar for at folket på ulike måtar kan ta del i styret utanom vanlege politiske val - til dømes ved folkerøystingar eller ved at vanlege borgarar har høve til å gjere framlegg om nye lover. Døme på desse demokratiske mekanismane var folkerøystinga i 1993 om styreform, der presidentsystemet blei stadfest, og folkerøystinga i 2005 om forbod mot sal av skytevåpen og ammunisjon.
Omtalen av Gud i innleiinga til grunnlova (og seinare også på den brasilianske valutaen) møtte motstand mellom venstreorienterte politikarar av di dei meinte det braut med religionsfridomen, og dermed både råka grupper av polyteistar (mellom indianarane), men òg ateistar. Høgsterett har seinare avvist dette klagemålet.
Innleiing
[endre | endre wikiteksten]Den føderale grunnlova har ei kort innleiing som understrekar føremålet med, og prinsippet bak, dokumentet. Teksten lyder:[1]
«Vi, representantane for det brasilianske folket, samla i Den nasjonale konstituerande forsamlinga for å fremje ein demokratisk stat med det føremålet å sikre ei effektiv gjennomføring av sosiale og individuelle rettar, fridom, tryggleik, helse, utvikling, likskap og rettferd som øvste verdiar for eit broderleg, pluralistisk og fordomsfritt samfunn, basert på sosial harmoni og forplikta på dei interne og internasjonale sfærene for fredeleg løysing av tvistar, kunngjer, under Guds vern, denne grunnlova for Den føderale republikken Brasil.»
Tittel I - Grunnleggjande prinsipp
[endre | endre wikiteksten]Første tittelen handlar om dei grunnleggjande prinsippa i republikken.[2]
Grunnlova viser her til oppbygginga av republikken, og stadfestar at statane, byane og dei føderale distrikta alle er uoppløyselege delar av den brasilianske unionen. Det blir òg vist til dei tre uavhengige, men harmonerande delane av statsstyret (utøvande, lovgjevande og dømande makt) samstundes som dei viktigaste måla for nasjonen blir trekte fram.
I denne delen av lova er artikkel 1 mellom dei viktigaste, der det heiter: «All makt utgår frå folket, som utøver denne gjennom valde representantar, eller direkte gjennom Grunnlova.»
Tittel II - Grunnleggjande rettar og garantiar
[endre | endre wikiteksten]Denne tittelen tek opp grunnleggjande tryggingstiltak.[3]
Kapitlet sikrar dei grunnleggjande rettane til alle innbyggjarane og utlendingane som oppheld seg i landet, forbyr dødsstraff og definerer krav til statsborgarskap. I tillegg blir politiske rettar og andre reguleringar teke opp.
Tittel III - Organiseringa av staten
[endre | endre wikiteksten]Tittel 3 regulerer organiseringa av staten: Her blir det slått fast at Brasília er hovudstaden i landet. Dessutan blir rettane og pliktane for unionen, statane og byane definerte i tillegg til reglane for offentlege tilsette.
Tittel IV - Samansetjinga av regjeringa
[endre | endre wikiteksten]Dette kapitlet greier ut om regjeringssamansetjinga og regelverket når det gjeld grunnlovsendringar.
Tittel V - Forsvaret og dei demokratiske institusjonane
[endre | endre wikiteksten]Her blir forsvaret av staten og dei demokratiske institusjonane teke opp. Kapitlet omhandlar mellom anna utplassering av dei væpna styrkane.
Tittel VI - Skatt og budsjett
[endre | endre wikiteksten]Tittel 6 omhandlar skattevesenet og statsbudsjettet og definerer mellom anna fordelinga av skatt mellom dei ulike komponentane i unionen.
Tittel VII - Det økonomiske og finansielle systemet
[endre | endre wikiteksten]Tittel 7 tek opp det økonomiske og finansielle systemet i landet. Det gjeld mellom anna jordbrukspolitikken og statsmonopola.
Grunnlova krev at den brasilianske regjeringa «etablerer ei landbruksreform ved å ekspropriere landbrukseigedomar som ikkje oppfyller sin sosiale funksjon.» (artikkel 184).
Ifølgje artikkel 186 i grunnlova må følgjande vilkår vere oppfylte for at landbrukseigedomar skal oppfylle sin sosiale funksjon: Rasjonell og adekvat drift. Tilstrekkeleg utnytting av tilgjengelege naturressursar og vern av miljøet. At føresegnene for arbeidslivet blir overheldt og at drifta sikrar velferd og trivsel for eigarar og arbeidarar.
Tittel VIII - Den sosiale ordenen
[endre | endre wikiteksten]Tittel 8 handlar om trygdesystemet, det offentlege helsevesenet, pensjonssystemet og forskrifter om utdanning, kultur, vitskap, teknologi og idrettspolitikk.
Tittel IX - Generelle grunnlovsvedtak
[endre | endre wikiteksten]Tittel 9 omhandlar generelle konstitusjonelle forordningar.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Brazil - Constitution:Preamble Internasjonal versjon av Den brasilianske grunnlova. Vitja 11. januar 2016
- ↑ Konstitusjonsteksten
- ↑ «Brazil 1988 (rev. 2014)». Constitute. Henta 12 januar 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Constituição da República Federativa do Brasil (Heile teksten på portugisisk)
- Constitution of the Federative Republic of Brazil Arkivert 2017-07-15 ved Wayback Machine. (Engelsk omsetjing)