Hopp til innhald

Dompap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dompap
Dompaphann (øvst) og ho.
Dompaphann (øvst) og ho.

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av dompap
Utbreiinga av dompap
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Pyrrhula
Art: Dompap P. pyrrhula
Vitskapleg namn
Pyrrhula pyrrhula

Dompapen (Pyrrhula pyrrhula) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 16 cm lang, og veg rundt 21 gram. Fuglen heldt til i Europa og tempererte Asia, hovudsakleg som standfugl, men nokre nordlege fuglar trekk sørover om vinteren.[2]

Namnet «dompap» kjem frå lågtysk dompape med tydinga 'domherre', fordi fjørdrakta minner om draktfargane til ein slik.

Dompapen er lett å kjenna att når ein fyrst får auge på han. Hannen har eit raudt bryst, ei svart hette på hovudet og ein blågrå rygg. Hoa liknar hannen, men har eit gråbrunt bryst. Vengene har gråkvite band hjå båe kjønna. Nebbet er stutt og kraftig med skarpe kantar slik at han kan ta av skalet av frø og knoppar.

Dompapen liker seg best i nåle- og blandingsskog, men òg i parkar og hagar. Dei byggjer reira sine i buskar og tre der hoa legg ein 4–7 egg.

Arten dannar ingen store flokkar utanfor hekketida og er oftast sett som eit par eller ei familiegruppe.

I kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Som ein overvintrande, raudfarga fugle er dompapen blitt knytt til jul, og blir framstilt på julekort og som julepynt. Fuglen opptrer i eventyret «Røde og graa dompaper» av Henrik Wergeland og i songen «Du og jeg og dompapen» av Alf Prøysen.

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av dompap Pyrrhula pyrrhula for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]