EHF-meisterligaen i handball 2012/Menn
Meisterligaen i handball 2012 for menn var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel, deretter spel i fire grupper à seks lag. Dei 16 beste laga i gruppespelet gjekk så vidare til utslagsspel med heimekamp og bortekamp. Vinnarane av kvartfinalane møttest til finalespel i Köln helga 26. og 27. mai.
Finalespelet
[endre | endre wikiteksten]- THW Kiel – Füchse Berlin 25–24
- BM Atlético Madrid – AG København 25–23
Bronsefinalen
[endre | endre wikiteksten]- AG København – Füchse Berlin 26–21
Finalen
[endre | endre wikiteksten]- THW Kiel – BM Atlético Madrid 26–21
Kiel tok føringa og leia 13–10 ved pause. I den andre omgangen auka det tyske laget til femmålssiger.
THW Kiel stilte med Thierry Omeyer og Andreas Palicka i mål. Svensken Kim Andersson vart toppskårar (7), elles netta Filip Jícha (6), Dominik Klein (3), Momir Ilić (3), Daniel Narcisse (2), Marcus Ahlm (2) og Aron Pálmarsson (2).
Med sine 5 mål skåra makedonaren Kiril Lazarov oftast for BM Atlético Madrid.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «EHF Champions League 2011/12» frå Wikipedia på tysk, den 13. oktober 2022.