EHF-meisterligaen i handball 2018/Kvinner
Meisterligaen i handball 2018 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel 9. september 2017 og avslutta med sluttspel 12.-13. mai 2018. Győri ETO frå Győr i Ungarn vann turneringa for fjerde gong.
Etter kvalifiseringsspel i september opna turneringa med 16 deltakande lag i seriespel delt i fire grupper à 4 lag. Dei tre laga med flest poeng i dei enkelte gruppene gjekk vidare til hovudrunda, som bestod av to grupper à 6 lag. Dei fire beste i desse to gruppene møttest til kvartfinalar basert på poengskår. Norske Larvik HK og IK Våg enda begge sist i innleiande gruppespel.
Sluttspelet
[endre | endre wikiteksten]Sluttspelet vart avvikla i Budapest helga 12. og 13. mai 2018.
- Semifinalane:
- Győri ETO – CSM București 26-20
- Vardar – Rostov 25–19
- Bronsekampen:
- CSM București – Rostov 31–30
Finalen
[endre | endre wikiteksten]- Győri ETO – Vardar 27–26 etter ekstraomgangar
Győri opna best og leia 7–4, før Vardar snudde til 8–7. Ved pause stod det 9–9. Etter pause var Vardar det førande laget, Győri utlikna til 20–20 før ordinær tid var ute. I ekstraomgangane tok Györi kontroll om kampen og fekk, nett som året før, hand om trofeet.
Győri ETO sitt vinnarlag bestod mellom andre av målvaktene Kari Aalvik Grimsbø og Éva Kiss, måla kom frå Nycke Groot 9, Eduarda Amorim 6, Bernadett Bódi 4, Anita Görbicz 3, Anne Mette Hansen 3, Yvette Broch 1, Stine Oftedal 1. Nora Mørk sat på benken.
Serbiske Andrea Lekić vart toppskårarar for Vardar med 6 mål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «EHF Champions League der Frauen 2017/18» frå Wikipedia på tysk, den 4. oktober 2022.