Edderkoppar
- «kingel» omdirigerer hit. For andre tydinga, sjå kingelvev.
Edderkoppar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Chelicerata |
Klasse: | Edderkoppdyr Arachnida |
Orden: | Edderkoppar Araneae Clerck, 1757 |
Edderkoppar, kongroer eller kinglar (Araneae) er ei gruppe leddyr. Dei er ein orden i klassen edderkoppdyr (Arachnida). Over 35000 artar er skildra. Desse er fordelt på 110 familiar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Storleiken til edderkoppar varierer frå få millimeter til over 25 centimeter. Dei tyngste blir opptil 150 gram. Dei fleste edderkoppane lever på land. Edderkoppar har åtte bein. Kroppen er delt i ein forkropp og ein bakkropp. Augene sit framme på sida av dyret, og det kan ha seks eller åtte av dei.
Hos mange artar er hoa større enn hannen, ofte mykje større. Det hender at hoa et hannen. Nokre artar har kompliserte paringsritual.
Nokre edderkoppartar spinn nett som dei fangar bytte i. Silken dyra brukar til dette, vert produsert i kjertlar i bakkroppen. Kvar art har sitt mønster på nettet. Andre driv snikjakt. Dei sit skjult til eit bytte dukkar opp. Når det skjer, fangar dei byttet raskt. Alle edderkoppar er giftige, men dei norske artane er ufarlege for menneske. Gifta vert produsert i kjertlar ved kjevane.
Utvikling
[endre | endre wikiteksten]Edderkoppar oppstod i devontida, og har levd på jorda i nærare 400 millionar år. Dei finst over det meste av jorda, i ørken, i regnskog og i polare område.
Edderkoppar i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Det er registrert 562 edderkoppartar i Noreg. Dei fleste lever i skog og mark, men mange finst nær folk, som liten husedderkopp og stor husedderkopp.
Somme edderkoppfamiliar
[endre | endre wikiteksten]- Traktedderkoppar - Agelenidae
- Hjulspinnarar - Araneidae
- Kjeveedderkoppar - Tetragnathidae
- Jegeredderkoppar - Sparassidae
- Krabbeedderkoppar - Thomisidae
- Treløparar - Philodromidae
- Hoppeedderkoppar - Salticidae
- Kuleedderkoppar - Theridiidae
- Rovedderkoppar - Pisauridae
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Norske edderkopper Arkivert 2010-08-25 ved Wayback Machine.
- Edderkopper Arkivert 2007-02-26 ved Wayback Machine.
- Spiderweb Arkivert 2006-12-05 ved Wayback Machine. – dansk side