Edgar Winter
Edgar Winter | |||
Edgar Winter i Gulfstream Park i Hallandale i Florida i 2006. | |||
Fødd | 28. desember 1946 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Beaumont, Texas United States | ||
Fødenamn | Edgar Holland Winter | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1969 til i dag | ||
Sjanger | Rock, pop, jazzfusion, bluesrock, blue-eyed soul, boogierock | ||
Instrument | Vokal, piano, klaverinstrument, saksofon, marimba, timbales, clavinet, synthesizer, gitar | ||
Tilknytte artistar | Johnny Winter, Rick Derringer, The Edgar Winter Group, Sawbuck, Ringo Starr & His All-Starr Band, David Lee Roth, Todd Rundgren, Ronnie Montrose | ||
Plateselskap | Epic, Airline | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent | ||
Prisar | IAS Freedom Medal |
Edgar Holland Winter (fødd 28. desember 1946) er ein USA-amerikansk rock- og bluesmusikar.[1] Han er kjend som ein multi-instrumentalist og spelar klaverinstrument, gitar, saksofon og perkusjon - i tillegg til å syngje. Han hadde suksess i 1970-åra med bandet sitt, The Edgar Winter Group, og populære songar som «Frankenstein»[1] og «Free Ride».
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Han voks opp i Beaumont i Texas og er den yngre broren til gitaristen Johnny Winter.[2] Dei to brørne byrja å spele i lag i tenåra, og spelte på lokale pubar, før dei var gamle nok til å kome inn. Blant dei tidlege banda deira var Johnny and the Jammers, the Crystaliers og the Black Plague. På vidaregåande byrja Edgar òg å spele saksofon, og før han var 20 kunne han alt spele klaverinstrument, gitar, bass og trommer.
Edgar fekk platekontrakt med Epic Records i 1970 etter å ha spelt på albumet til broren, Second Winter. Han spelte inn Entrance, der han sjølv spelte dei fleste instrumenta. Han akkompagnerte broren på Johnny Winter And og danna så eit stort blåseensemble kalla White Trash, men gruppa vart oppløyst alt i 1972. Winter samla saman ei ny gruppe og spelte inn to album for Epic Records, White Trash og Roadwork. Singelen hans «Keep Playing That Rock 'n' Roll» nådde 70. plassen på den amerikanske rockelista og albumet Roadwork klatra til 23. plassen på albumlista. Sommaren 1972 danna han the Edgar Winter Group. I januar 1973 gav dei ut They Only Come Out at Night, produsert av gitaristen Rick Derringer, og albumet nådde tredjeplassen på albumlista i USA. Dette albumet inneheld den mest kjende songen til Winter, «Frankestein», som nådde tredjeplassen på singellista i USA i mai 1973.[2] Seinare det året nådde «Free Ride» frå same albumet 14. plassen. Sjølv om han aldri oppnådde like stor suksess igjen, har Winter halde fram å turnere og spele inn plater. Han flytta frå New York City til Beverly Hills i 1989 for å lage filmmusikk, noko han hadde noko suksess med, mellom anna ein noko omarbeidd versjon av «Frankenstein» for filmen Wayne's World II.
Sjølv om dei tidlege 70-tals albuma hans som Entrance, White Trash, They Only Come Out at Night og Shock Treatment er meir bluesprega enn dei seinare albuma hans, er det bluessongar som «Big City Woman» på albuma hans frå 1990-åra, som Not a Kid Anymore (1994) og Winter Blues (1999).[2]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | US Top 200 |
---|---|---|
1970 | Entrance | 196 |
1971 | Edgar Winter's White Trash | 111 |
1972 | Roadwork | 23 |
They Only Come Out at Night | 3 | |
1974 | Shock Treatment | 13 |
1975 | Jasmine Nightdreams | 69 |
The Edgar Winter Group with Rick Derringer | 124 | |
1976 | Together | 89 |
1977 | Recycled | – |
1979 | The Edgar Winter Album | – |
1981 | Standing on Rock | – |
1986 | Mission Earth | – |
1994 | Not a Kid Anymore | – |
1996 | The Real Deal | – |
1990 | Live in Japan | – |
1999 | Winter Blues | – |
2002 | Edgar Winter – The Best Of | – |
2004 | Jazzin' the Blues | – |
2008 | Rebel Road | – |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | US Hot 100 | UK Singles |
---|---|---|---|
1971 | «Keep Playin' That Rock 'n' Roll» | 70 | – |
1972 | «I Can't Turn You Loose» | 81 | – |
1973 | «Frankenstein» | 1 | 18 |
«Free Ride» | 14 | – | |
«Hangin' Around» | 65 | – | |
«We All Had a Real Good Time» | – | – | |
1974 | «River's Risin'» | 33 | – |
«Easy Street» | 83 | – | |
«Someone Take My Heart Away» | – | – | |
1975 | «People Music» | – | – |
1976 | «Diamond Eyes» | – | – |
1979 | «Above & Beyond» | – | – |
«It's Your Life to Live» | – | – | |
1981 | «Love Is Everywhere» | – | – |
Produsent
[endre | endre wikiteksten]- Open Fire av Ronnie Montrose – (1978) produsent, piano, cembalo
- Crazy from the Heat (1985) (David Lee Roth)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Edgar Winter» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Klosterman, Chuck (August 8, 2011). «Frankenstein's Monster». Grantland. Henta 26. august 2015.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 http://www.allmusic.com/artist/edgar-winter-mn0000178536 på Allmusic]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Edgar Winter Arkivert 2002-11-19 ved Wayback Machine.
- Edgar Winter på IMDb
- Einskildmenn
- Fødde i 1946
- Folk med albinisme
- USA-amerikanske rockeartistar
- Folk frå Beaumont i Texas
- USA-amerikanske scientologar
- Musikarar frå Texas
- USA-amerikanske rockesaksofonistar
- USA-amerikanske bluessongarar
- USA-amerikanske bluesgitaristar
- USA-amerikanske bluespianistar
- Ringo Starr & His All-Starr Band-medlemmar