Hopp til innhald

Elektrisk motstand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Motstandar av ulike fysiske storleikar.
Elektrisk motstand

Elektrisk motstand eller elektrisk resistans er ein storleik som uttrykkjer i kva grad ein leiar hindrar elektrisk straum i ein i å flyta i eit materiale. Elektrisk motstand er forholdet mellom elektrisk spenning og elektrisk straum:

,

der U er elektrisk spenning, målt i Volt (V) og I er elektrisk straum, målt i Ampere (A). SI-eininga til motstand er Ohm (Ω). Relasjonen over er kjent som Ohms lov.

Fysiske samanhengar

[endre | endre wikiteksten]

Leiingsevne

[endre | endre wikiteksten]

Elektrisk leiingsevne (konduktivitet) er ein storleik som utrykkjer det inverse av elektrisk mostand

.

og vert målt i siemens, uttrykt med symbolet S.

Effekt avsett i motstand

[endre | endre wikiteksten]

Når det flyt ein straum gjennom ein motstand vert det avsett ein effekt P i motstanden lik produktet av straum og spenning:

.

Denne effekten vert avsett som varme. Effekt måler ein i Watt.