Elisa Rigaudo
Utsjånad
Elisa Rigaudo (fødd 17. juni 1980) er ein italiensk tidlegare kappgjengar frå Cuneo som vann bronsen på 20 km både ved EM 2006 og OL 2008.
Tiåret 2004-13 var Rigaudo ein av dei beste kvinnelege kappgjengarane i verda. Under dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten gjekk ho inn til sjetteplass. I august 2006 vann ho bronsemedaljen ved europameisterskapen i Göteborg, fattige to sekundar bakom sølvmedaljøren Olga Kaniskina frå Russland. To år seinare vann Rigaudo ein ny bronsemedalje under Sommar-OL 2008 i Beijing. I seinare meisterskap vart ho som best nummer 4 i VM 2011 og nr 5 i VM 2013.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2003 i Paris: Nr 10 – 1.30.34
- OL 2004 i Aten: Nr 6 – 1.29.57
- VM 2005 i Helsinki: Nr 7 – 1.29.52
- EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje – 1.28.37
- VM 2007 i Osaka: Braut
- OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje – 1.27.12
- VM 2009 i Berlin: Nr 8 – 1.32.52
- VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 1.30.44
- OL 2012 i London: Nr 7 – 1.27.36
- VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 1.28.41
- VM 2015 i Beijing: Diskvalifisert
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 11 – 1.31.04
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elisa Rigaudo» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2019.