Elle-Máijá Tailfeathers
Elle-Máijá Tailfeathers | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 1985 (39 år) Halifax, Cardston |
Yrke | skodespelar, filmskaper, filmregissør, manusforfattar |
Far | Bjarne Store-Jakobsen |
Nettstad | http://elle-maija-tailfeathers.com/ |
Elle-Máijá Apiniskim Tailfeathers er ein svartfot- og samisk skodespelar, produsent og filmskapar av norsk og canadisk opphav[1] frå Kainai Nation.[2][3][4][5] Ho bur dels i Vancouver[2] i Canada, dels i reservatet Blood Reserve og dels i Sápmi i Noreg.[6]
Oppvekst
[endre | endre wikiteksten]Tailfeathers er dotter av Bjarne Store-Jakobsen, ein samisk aktivist og journalist, og Esther Tailfeathers, en kainai-svartfotisk aktivist og lækjar. Foreldra hennar møtte kvarandre på ein internasjonal konferanse for urfolk i 1981 i Australia og gifta seg ikkje lenge etter.[7][8][9]
Etter at Elle-Máijá Tailfeather var fødd flytte familien til Karasjok.[10] Der budde dei til ho var rundt seks år gammal; da flytte familien til Nord-Dakota og mor henna byrja å studere medisin ved University of North Dakota.[9] Seinare flytte familien til Canada.[9]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Tailfeathers har studert skodespel ved Vancouver Film School og vart uteksaminert derfrå i 2006. Deretter flytte ho til University of British Columbia der ho tok ein grad i First Nations-studium og også studerte kvinne- og kjønnsstudium.[2][6]
Ho starta som skodespelar med vendte seg etter kvart meir mot arbeid bak kamera.[11] Medan ho studerte ved University of British Columbia byrja ho å bruke filmutstyr og å redigere.[6] Ho har spelt ved Beaivváš samiske nasjonalteater i Noreg.[12]
Tematikk og aktivisme
[endre | endre wikiteksten]Tailfeathers fokuserer på saker som gjeld First Nations – urfolk i Canada – i filmane sine. Vanlegvis er også alle skodespelarane og dei andre som jobbar med produksjonen av filmane hennar urfolk.
Aktivisme er eitt av hovudfokusa hennar som filmskapar[2] saman med sosial rettferd. Sakene ho tek opp er direkte knytte til urfolkskvinner og -samfunn og påverkar dei. I 2011 vart ho arrestert fordi ho deltok i ein ikkje-valdeleg blokade ved inngangen til ein oljebrønn under oppbygging i reservatet Blood Reserve i Alberta.[6]
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Rolle | Lengd | Stad | Sjanger | Produsent |
---|---|---|---|---|---|---|
2008 | Another Cinderella Story | skodespelar | 90 min | Canada | musikkomedie | Dylan Sellers Productions |
2011 | Bloodland | forfattar, regissør, produsent | 4 min | Canada | eksperimentell | Elle-Máijá Tailfeathers |
2012 | A Red Girl's Reasoning | forfattar, regissør | 10 min | Canada | drama | The Crazy8s Film Society |
2012 | Colonial Gaze Sámi Artists’ Collective | medforfattar, medregissør | 15 min | Noreg | mockumentar | KOLT Márkomeannu |
2013 | Hurry Up, You Stupid Cripple | produsent, medregissør | 10 min | Canada | dokumentar | Elle-Máijá Tailfeathers |
2014 | Rebel (Bihttoš) | forfattar, regissør, medprodusent | 14 min | Canada/Noreg | dokumentar | Elle-Máijá Tailfeathers |
2016 | Unclaimed | skodespelar | 120 min | Canada | drama | CBC Television |
2017 | cəsnaʔəm, the city before the city | regissør | 75 min | Canada | dokumentar | Musqueam First Nations |
2019 | Blood Quantum | skodespelar | 96 min | Canada | skrekkfilm | Prospector Films |
2019 | The Body Remembers When the World Broke Open | skodespelar, medregissør | 105 min | Canada | drama |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elle-Máijá Tailfeathers» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2020.
- ↑ Dowell, K. L. (2015). «The future looks rad from where I stand: A review of claiming space: Voices of urban aboriginal youth at the UBC museum of anthropology». Anthropologica 57 (1).
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Elle-Máijá Tailfeathers». www.bcnu.org. Arkivert frå originalen 12. september 2016. Henta 17. september 2016.
- ↑ «Film Screenings: Banchi Hanuse and Elle-Máijá Tailfeathers - SFU Woodward's - Simon Fraser University». www.sfu.ca. Henta 17. september 2016.
- ↑ Tailfeathers, Elle-Máijá Apiniskim (21. desember 2016). «A Conversation with Helen Haig-Brown, Lisa Jackson, and Elle-Máijá Apiniskim Tailfeathers, with Some Thoughts to Frame the Conversation». Biography 39 (3): 277–306. ISSN 1529-1456. doi:10.1353/bio.2016.0038.
- ↑ Indigenous Youth Wellness, Decolonization with Elle-Máijá Tailfeathers, henta 6. februar 2019
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 Chiu, Joanna (Fall 2012). «Fracking fuels filmmaker: interview with Elle-Maija Tailfeathers». Herizons: 8.
- ↑ «Filming your family's past» (på engelsk). CBC Radio. 4. august 2015. Henta 9. november 2021.
- ↑ Rasmus, Linnea (25. januar 2020). «Čáhppesjuolgi-sápmelaš Elle-Máijá Tailfeathers oaččui Skábmagovat-bálkkašumi: "Mun lean nu hirpmástuvvan, dat lea stuorra gudni» (på nordsamisk). CBC Radio. Henta 9. november 2021.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 Dembicki, Geoff (2017). Are We Screwed?: How a New Generation is Fighting to Survive Climate Change (på engelsk). Bloomsbury Publishing. ISBN 9781632864819.
- ↑ Vilpponen, Susanna (5. juli 2020). «Saamelainen kohtaa yhä rasismia Suomessa» (på finsk). Kansan uutiset. Henta 10. november 2021.
- ↑ September 8, Dusty; Exner (8. september 2017). «c'əsnaʔəm: the city before the city : Interview with filmmaker Elle-Máijá Tailfeathers». CiTR: Discorder Magazine (på engelsk). Henta 5. februar 2019.
- ↑ Larsen, Dan Robert (26. januar 2015), «Samejenta Elle-Máijá (29) har havnet i en eksklusiv liste», NRK, henta 12. april 2020