Hopp til innhald

Elva Findhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Findhorn
elv
Land  Skottland
Munning Findhorn Bay
Kart
Elva Findhorn
57°37′55″N 3°38′04″W / 57.631863°N 3.634535°W / 57.631863; -3.634535
Wikimedia Commons: River Findhorn

Findhorn (skotsk-gælisk Uisge Fionn Èireann) er ei av dei lengste elvene i Skottland. Ho ligg nordaust i landet, og flyt ut i Moray Firth på nordkysten. Elva har eit av dei største estuara i Skottland som ikkje er eit firth.

Findhorn nær utspringet i Coignafearn Forest.
Findhorn-bukta frå lufta elva Findhorn i midten og Muckle Burn oppe til høgre.
Landsbyen Findhorn

Elva er kring 100 kilometer (62 mi)[1] lang. Nedslagsfeltet er 1 300 kvadratkilometer (500 sq mi).[2]

Findhorn er ei god lakse- og aureelv, og er populær blant fiskarar frå heile verda. Ho er også ei av dei klassiske raftingelvene i Skottland, med graderingar frå 2 til 4 på den internasjonale skalaen for elvepadling.[3]

Findhorn har utspring i Coignafearn Forest nord for hovudmassivet i Monadhliath-fjella. Fleire mindre elvar renn saman i nærleiken av Dalbeg bothy (hytte) for å danna elva. Den vestlegaste av desse er Eskin, som renn ned ein lliten dal omkrinsa av toppane Càrn a' Choire Sheilich, på 791 meter (2 595 ft), Càrn nan Làraiche Maoile på 809 meter (2 654 ft) og Càrn na Saobhaidh på 766 meter (2 513 ft). I sørvest tek Abhainn Cro-chlach ei direkte rute langs ein trong og bratt dal som føre vatn frå Carn Odhar na Criche på 895 meter (2 936 ft) og Càrn Bàn på 942 meter (3 091 ft). Dei to vassfara renn saman ved ei lita bru midt i Coignafearn Forest (som er ein skotsk hjorteskog og dermed trelaus). Ein kan rekna dette punktet, rundt 500 meter (1 600 ft) moh., som byrjinga på Findhorn, men mindre enn ein kilometer nedstraums renn Allt Creagach inn i elva ved Dalbeg og deretter er elva utan tvil rekna som Findhorn.[4] Dalen Strath Dearn går ned herfrå i ein sørvestleg retning til elva munnar ut i Moray Firth.

  1. Almanac of Scotland Retrieved 9 June 2018.
  2. "River Findhorn". The Findhorn, Nairn and Lossie Fisheries Trust. Retrieved 9 June 2018.
  3. "River Findhorn - Gorge". The UK Rivers Guidebook. UKRGB. Henta 3. juni 2018
  4. Ordnance Survey 2018.