Energi
Energi (frå gresk ενέργεια (energeia, styrke) er ein skalar fysisk storleik som uttykker ein lekam, eller eit system av lekamar, si evne til å endra tilstand. I naturvitskapen er energi ein grunnleggjande storleik hjå alle fysiske system. Det er eit uttrykk for eit potensial til å utføre arbeid. Energi kan ikkje verta borte, eller brukast opp; ei form for energi kan berre gå over i ei annan energiform. Ein skil mellom statisk og kinetisk (dynamisk) energi. SI-eininga for energi er joule (J).
Som døme på energiformer kan ein namna:
- Kinetisk (dynamisk) energi, for ein lekam i rørsle
- Termisk energi, i gass, væske og faststoff
- Kjemisk energi, i til dømes mat, olje, osb.
- Elektrisk energi, i eit elektriske felt
- Elektrokjemisk energi, i til dømes eit elektrisk batteri
- Kjernefysisk energi, i radioaktivt materiale
Tidlegare blei energi beskriven i forhold til enkle observerte effektar. For det er alltid slik at når eit objekt har forandra seg, er energi blitt utveksla med omgivelsane. Da ein forstod at det som skapar endringane kan lagrast i objekt, blei omgrepet energi innført som potensialet for endring samt storleiken av endringa.