Engels
- For den tyske filosofen, sjå Friedrich Engels.
Engels Энгельс | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Saratov oblast | ||||
Grunnlagd | 1747 | ||||
Borgarmeister | Sergej Jevgenjevitsj Gorevskij | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
108 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
200 800 1 859,3 /km² | ||||
Koordinatar | 51°29′0″N 46°07′0″E / 51.48333°N 46.11667°E | ||||
Høgd over havet | 20 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 413100–413138 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)8453 | ||||
Nettstad: www.engels-city.ru |
Engels (russisk Э́нгельс) er ein by i Saratov oblast i Russland. Byen er ein hamneby ved elva Volga, og ligg vis-a-vis Saratov som har hatt brusamband med kvarandre sidan 1965. Byen har om lag 200 000 innbyggjarar.
Byen vart grunnlagt i 1747 som Pokrovskaja sloboda (russisk: Покровская слобода). Han fekk bystatus og nytt namn, Pokrovsk (russisk: Покровск), i 1914. Det tyske namnet var Kosakenstadt. Han vart i 1924 hovudstad i den Volga-tyske autonome sosialistiske sovjetrepublikken, som no er ein del av Saratov oblast. Det noverande namnet Engels fekk han i 1931, kalla opp etter Friedrich Engels.
Byen vart grunnlagt av ukrainske nybyggjarar, og vart busett av tyskarar under regjeringstida til Katarina den store.
Byen er tilhaldsstad for Engels-1, den største og mest aktive strategiske bombeflybasen i Russland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Engels» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: