Hopp til innhald

Erich Raeder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erich Raeder

Erich Johann Albert Raeder (24. april 18766. november 1960 var ein tysk marineoffiser, øvste sjef for Nazi-Tysklands Kriegsmarine frå 1935 til 1943 og sentral i planlegginga av invasjonen av Noreg i april 1940.

Raeder deltok i fyrste verdskrigen både på skip og som stabssjef i den tyske kryssarstyrken. I 1916 var han om bord på slagskipet Lützow då dette vart søkkt under Jyllandsslaget.

I mellomkrigstida var Raeder ein sentral figur i oppbygginga av den tyske marinen. Frå 1928 var han sjef for marinestaben, sidan 1935 sjef for marinen. I 1939 vart han utnemnd til storadmiral. Han leia i 1940 både planlegginga av og sjølve invasjonen av Noreg, kalla Operation Weserübung. I januar 1943 gjekk han av etter usemje med Adolf Hitler.

Nürnbergdomstolen dømte i 1946 Raeder til livsvarig fengsel. Grunna sviktande helse vart han sleppt fri i 1955.