Eskişehir
Eskişehir | |||
by | |||
Bydelen Tepebaşı om vinteren.
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Sentral-Anatolia | ||
Provins | Eskişehir | ||
Høgd | 788 moh. | ||
Koordinatar | 39°47′N 30°31′E / 39.783°N 30.517°E | ||
Areal | 2 678,00 km² | ||
Folketal | 648,396 [1] | ||
Folketettleik | 0 / km² | ||
Borgarmeister | Yılmaz Büyükerşen | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 26 xxx | ||
Retningsnummer | (+90) 222 | ||
Eskişehir 39°46′36″N 30°31′14″E / 39.776666666667°N 30.520555555556°E | |||
Kart som viser Eskişehir.
| |||
Wikimedia Commons: Eskişehir | |||
Nettstad: http://www.eskisehir-bld.gov.tr/ |
Eskişehir (latinsk Dorylaeum; gammalgresk Δορύλαιον, Dorýlaion) er ein by nordvest i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Eskişehir. Byen har 648 396 innbyggjarar.[2] Han ligg ved breidda av Porsuk, 792 meter over havet, ovanom den frodige Frygiadalen. I dei nærliggande åsane finn ein varmekjelder. Eskişehir ligg 233 km vest for Ankara, 330 km søraust for Istanbul og 78 km nordaust for Kütahya. Han er kjend som ein universitetsby og både Eskişehir Osmangazi universitet og Anadolu universitet ligg i Eskişehir.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Eskişehir har eit kontinentalklima, med kalde, snørike vintrar med ein middeltemperatur på 0 °C og varme, tørre somrar med ein middeltemperatur på 30 °C. Det kjem mest regn om våren og hausten. I Köppen si klimaklassifisering har Eskişehir eit halvtørt klima (Köppen BSk).[3] På grunn av høgda har Eskişehir tørre somrar med kjølige netter. Nedbørmengdene er låge, men ein kan få nedbør året rundt.
Vêrdata for Eskişehir | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 3,8 | 6,2 | 11,2 | 16,4 | 21,8 | 25,9 | 28,9 | 29,2 | 25 | 19,8 | 12,4 | 5,5 | 17,2 |
Gjennomsnittleg min °C | −4,1 | −3,9 | −1,5 | 2,8 | 6,9 | 10,4 | 13,1 | 13 | 8,4 | 4,4 | 0,3 | −2 | 4 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 39,8 | 28,7 | 31,5 | 43,2 | 44,2 | 25,9 | 12,7 | 9,4 | 15,6 | 30,4 | 34,5 | 44 | 359,9 |
Gns. solskinstimar i månaden | 77,5 | 140,6 | 158,1 | 183 | 260,4 | 309 | 353,4 | 331,7 | 267 | 186 | 123 | 65,1 | 2 454,8 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[4]Weather2[5] |
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet Eskişehir tyder direkte omsett «gammal by» på tyrkisk. Byen vart grunnlagt av frygarane. Mange frygiske gjenstandar og skulpturar finst enno i det arkeologiske museet til byen. På 300-talet vart byen flytta ca. ti km nordaust, frå Karacahisar til Şehirhöyük.
Når det vart nemnt av gamle geografar, vart byen skildra som ein av dei venaste i Anatolia.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Det finst to universitet i Eskişehir. Desse er Anadolu universitet og Eskişehir Osmangazi universitet. Borgarmeisteren Yılmaz Büyükerşein har vore rektor på Anadolu universitet.
Sport
[endre | endre wikiteksten]Klubb | Sport | Stiftet | Liga | Hjemmebane |
---|---|---|---|---|
Eskişehirspor | Fotball | 1965 | Turkcell Super League | Eskişehir Atatürk stadion |
Anadolu University | Basketball | ? | Turkish Basketball League 2 | Anadolu University Sports Hall |
Kjende innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]- Battal Gazi - muslimsk helgen frå 700-talet, som er gravlagd i Seyitgazi
- Yunus Emre - tyrkisk folkepoet frå 1200-talet
- Sheik Edebali - religiøs leiar og andeleg grunnleggjar av Det osmanske riket
- Nasreddin Hoca - filosof frå 1200-talet
- Behiç Erkin - første direktøren (1920-1926) av den tyrkiske jarnbana, minister for offentlege arbeid (1926-1928), tyrkisk ambassadør (Budapest 1928-1939, Paris og Vichy 1939-1943)
- Yakup Satar - siste tyrkiske veteranen frå første verdskrigen
- Orhan Oguz - frofessor, grunnleggjar og første rektoren på Marmara universitet
- Fahrettin Kerim Gökay - professor, tidlegare borgarmeister i Istanbul (1949-1957), tidlegare tyrkisk ambassadør (Bern) og tidlegare statsminister
- Yilmaz Büyükerşein - professor, ordførar Eskişehir, Reporter, spaltist, karikaturtegner, redaktør, tidlegare rektor ved Anadolu University, tidlegare medlem av RTYK, Professional Wax Sculptor
- Cüneyt Arkin - skodespelar og lækjr
- Eqrem Çabej - lingvist
- Serpil Çakmaklı - skodespelar
- Melis Birkan - skodespelar
- Zeki Sezer - tidlegare leiar av Det demokratiske Venstrepartiet DSP, kjemiingeniør, Minister of State (57nde regjeringa)
- Hasan Polatkan - politikar
- Mehmet Terzi - langdistanseløper
- Ömer Çatkıç - fotballspelar
- Neslihan Demir - volleyballspelar
- Ipek Şenoğlu - tennisspelar
- Ersan İlyasova - basketballspelar
- Kerem Gönlüm - basketballspelar
- Emin Boztepe - kampidrettsutøvar
- Mithat Körler - artist
- Asya - artist
- Ertugrul Algan - universitetslektor, fotograf, forfattar
- Nazmi Agil - førelesar, poet
- Nur Ipek Vonde - forfattar
- Tuna Kiremitçi - forfattar, spaltist, komponist
- Enis Batur - forfattar, foredragsholder
- Nuri Alco - skodespelar
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]- Sør-Korea Paju i Sør-Korea
- Russland Kazan i Russland
- Kina Changzhou i Kina
- Ukraina Simferopol i Ukraina
- Tyskland Berlin i Tyskland
- Moldova Chișinău i Moldova
- USA Paterson i USA
- Austerrike Linz i Austerrike
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eskişehir» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Büyükşehir belediyeleri ve bağlı belediyelerin nüfusları - 2011, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 22. august 2012
- ↑ http://www.tuik.gov.tr
- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 5. februar 2009, henta 5. februar 2009
- ↑ http://www.dmi.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=ESKISEHIR
- ↑ http://www.myweather2.com/City-Town/Turkey/Eskisehir/Klima-profile.aspx?month=7