Hopp til innhald

Europameisterskapen på skeiser 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapane på skeiser 2013 for menn og for kvinner vart avvikla i Heerenveen i Nederland dagane frå 11. til 13. januar. 26 menn og 27 kvinner frå 17 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Danmark, Finland, Italia, Kviterussland, Nederland, Noreg, Latvia, Polen, Romania, Russland, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn. For fyrste gong fekk berre åtte av utøvarane i dei to kjønna delta på den fjerde distansen.

Noreg stilte med tre menn: Håvard Bøkko, Simen Spieler Nilsen, Sverre Lunde Pedersen, og tre kvinner: Sofie Karoline Haugen, Mari Hemmer og Ida Njåtun. Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen var dei beste norske, på høvesvis tredje- og fjerdeplass. Ida Njåtun enda på åttandeplass.

Sven Kramer vart europameister for sjette gong, han var òg best på dei to lengste distansane. Polske Konrad Niedźwiedzki sigra på dei to kortaste. Som året før vart nederlendaren Jan Blokhuijsen samanlagt nummer 2 og Håvard Bøkko nummer 3. I kvinneklassa triumferte Ireen Wüst frå Nederland framom landskvinnene Linda de Vries og Diane Valkenburg. Wüst vann også 3000 m og 1500 m, medan dei tsjekkiske utøvarane Karolína Erbanová og Martina Sáblíková stod for bestetider på høvesvis 500 m og 5000 meter.

Skeise-EM 2013, menn

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sven Kramer  Nederland 148,584
Sølv Jan Blokhuijsen  Nederland 149,259
Bronse Håvard Bøkko  Noreg 149,479
4 Sverre Lunde Pedersen  Noreg 149,873
5 Bart Swings  Belgia 150,277
6 Ivan Skobrev  Russland 151,554
7 Konrad Niedźwiedzki  Polen 152,001
8 Moritz Geisreiter  Tyskland 152,044

Dato: 11.-13. januar

Plass Utøvar Land Tid
Gull Konrad Niedźwiedzki  Polen 35,93
Sølv Zbigniew Bródka  Polen 36,03
Bronse Håvard Bøkko  Noreg 36,14
4 Jan Blokhuijsen  Nederland 36,40
5 Simen Spieler Nilsen  Noreg 36,54
6 Jan Szymański  Polen 36,71
7 David Andersson  Sverige 36,70
8 Sven Kramer  Nederland 36,70


5 000 meter

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Tid
Gull Sven Kramer  Nederland 6.12,5
Sølv Jan Blokhuijsen  Nederland 6.18,1
Bronse Sverre Lunde Pedersen  Noreg 6.19,0
4 Bart Swings  Belgia 6.19,1
5 Ivan Skobrev  Russland 6.19,8
6 Moritz Geisreiter  Tyskland 6.22,1
7 Håvard Bøkko  Noreg 6.23,3
8 Renz Rotteveel  Nederland 6.24,4


1500 meter

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Tid
Gull Konrad Niedźwiedzki  Polen 1.46,32
Sølv Zbigniew Bródka  Polen 1.46,38
Bronse Sverre Lunde Pedersen  Noreg 1.46,39
4 Bart Swings  Belgia 1.46,47
5 Håvard Bøkko  Noreg 1.46,78
6 Jan Szymański  Polen 1.47,24
7 Haralds Silovs  Latvia 1.47,29
8 Sven Kramer  Nederland 1.47,49


10 000 meter

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Tid
Gull Sven Kramer  Nederland 12.55,9
Sølv Jan Blokhuijsen  Nederland 13.01,6
Bronse Bart Swings  Belgia 13.08,0
4 Håvard Bøkko  Noreg 13.08,1
5 Moritz Geisreiter  Tyskland 13.09,6
6 Sverre Lunde Pedersen  Noreg 13.12,8


Skeise-EM 2013, kvinner

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng
Gull Ireen Wüst  Nederland 160,889
Sølv Linda de Vries  Nederland 162,335
Bronse Diane Valkenburg  Nederland 162,712
4 Martina Sáblíková  Tsjekkia 162,839
5 Antoinette de Jong  Nederland 163,191
6 Olga Graf  Russland 164,436
7 Claudia Pechstein  Tyskland 164,629
8 Ida Njåtun  Noreg 164,741

Dato: 11.-13. januar

Plass Utøvar Land Tid
Gull Karolína Erbanová  Tsjekkia 38,72
Sølv Jekaterina Lobysjeva  Russland 38,98
Bronse Antoinette de Jong  Nederland 39,42
4 Ireen Wüst  Nederland 39,69
5 Jekaterina Sjikhova  Russland 39,90
6 Diane Valkenburg  Nederland 39,93
7 Linda de Vries  Nederland 39,98
8 Claudia Pechstein  Tyskland 40,01


3 000 meter

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Tid
Gull Ireen Wüst  Nederland 4.01,2
Sølv Martina Sáblíková  Tsjekkia 4.03,6
Bronse Linda de Vries  Nederland 4.05,3
4 Diane Valkenburg  Nederland 4.05,8
5 Stephanie Beckert  Tyskland 4.06,4
6 Antoinette de Jong  Nederland 4.07,4
7 Ida Njåtun  Noreg 4.07,7
8 Olga Graf  Russland 4.08,6


1500 meter

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Tid
Gull Ireen Wüst  Nederland 1.56,39
Sølv Linda de Vries  Nederland 1.57,57
Bronse Diane Valkenburg  Nederland 1.57,76
4 Ida Njåtun  Noreg 1.58,57
5 Martina Sáblíková  Tsjekkia 1.58,68
6 Claudia Pechstein  Tyskland 1.58,80
7 Jekaterina Sjikhova  Russland 1.58,85
8 Antoinette de Jong  Nederland 1.59,02


5 000 meter

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Tid
Gull Martina Sáblíková  Tsjekkia 6.57,1
Sølv Ireen Wüst  Nederland 7.01,9
Bronse Linda de Vries  Nederland 7.02,7
4 Diane Valkenburg  Nederland 7.05,5
5 Antoinette de Jong  Nederland 7.08,5
6 Olga Graf  Russland 7.09,9
7 Claudia Pechstein  Tyskland 7.14,0
8 Ida Njåtun  Noreg 7.17,7