Eurovision Song Contest 2022
Eurovision Song Contest 2022 | ||||
---|---|---|---|---|
|
||||
Dato | ||||
Semifinale 1 | 10. mai 2022 | |||
Semifinale 2 | 12. mai 2022 | |||
Finalen | 14. mai 2022 | |||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Eurovision Song Contest 2022 (ESC 2022), offisielt 66. Eurovision Song Contest, var den 66. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert i Pala Alpitour i Torino i Italia, etter at Måneskin vann tevlinga i 2021 med songen «Zitti e buoni».[1] Dette var den tredje gongen Italia arrangerte tevlinga, etter at landet var vertskap for tevlinga i 1965 og 1991.
Semifinalane vart arrangerte 10. og 12. mai, medan finalen vart arrangert 14. mai.[1] Programleiarane for tevlinga var Laura Pausini, Alessandro Cattelan og Mika.[3]
40 land deltok i Eurovision Song Contest i 2022.[2] Russland skulle opphavleg ha delteke i Torino, men 25. februar 2022 vart landet utestengt frå tevlinga som følgje av den russiske invasjonen av Ukraina 24. februar 2022.[4][5]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Italia vann Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland med «Zitti e buoni» og gruppa Måneskin. Dette var tredje gongen Italia vann tevlinga, etter at Gigliola Cinquetti vann i 1964 med «Non ho l'età» og Toto Cutugno i 1990 med «Insieme: 1992». Som vinnar av 2021-tevlinga, vann Italia også retten til å arrangere Eurovision Song Contest i 2022. Dette var den tredje gongen landet arrangerte Eurovision Song Contest. Tevlinga vart arrangert av den italienske ålmennkringkastaren Rai i samarbeid med Den europeiske kringkastingsunionen.
Format
[endre | endre wikiteksten]Produksjon
[endre | endre wikiteksten]Eurovision Song Contest 2022 vart produsert av den italienske ålmennkringkastaren Radiotelevisione italiana (Rai), i samarbeid med EBU. Claudio Fasulo og Simona Martorelli var sjefsprodusentar, mens Cristian Biondani og Duccio Forzano var produsentar for dei tre direktesendingane.[6][7]
Slagord, logo og visuelt design
[endre | endre wikiteksten]Slagordet for Eurovision Song Contest 2022, The Sound of Beauty (ljoden av venleik), vart offentleggjort 21. januar 2022. Det visuelle designet vart presentert under ein pressekonferanse 24. januar 2022.[8]
Den 22. november 2021 kunngjorde det Roma-baserte studioet Atelier at Rai hadde vald dei til å designe scena for tevlinga. Studioet hadde gjort liknande oppdrag tidlegare, blant anna Sanremo-festivalen i 2013 og 2019.[9] Dette var fyrste gongen sidan 2016 at scenedesignet i Eurovision vart utført av nokon andre enn den tyske designaren Florian Wieder.[10][11]
Programleiarar
[endre | endre wikiteksten]I eit intervju med det italienske nyheitsbyrået ANSA i desember 2021 stadfesta Stefano Coletta, kanalsjef i Rai 1, at programleiarane for Eurovision Song Contest 2022 skulle offentleggjerast under Sanremo-festivalen 2022.[12] Under Sanremo-festivalens andre show 2. februar 2022 stadfesta Rai at dei internasjonalt kjende artistane Laura Pausini og Mika, samt tv-personlegdomen Alessandro Cattelan vert programleiarar for Eurovision Song Contest 2022.[3]
Andre hendingar
[endre | endre wikiteksten]I tillegg til dei to semifinalane og finalen var det fleire andre tilstellingar i Torino under Eurovision-veka. Den faste Eurovision-landsbyen, Eurovision Village, var tevlingas offisielle festivalområde for besøkjande, fans og delegasjonar. Landsbyen låg på Parco del Valentino, og der vart det haldne ei rekkje konsertar og tevlingar i dagane før finalen.[13]
Deltakande land
[endre | endre wikiteksten]Semifinale 1
[endre | endre wikiteksten]Sytten land deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai 2022 klokka 21:00 CEST. Dei ti beste bidraga kvalifiserte seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Frankrike og Italia framførte og røysta i denne semifinalen.[14] Russland skulle opphavleg ha delteke som det attande landet i denne semifinalen, men 25. februar 2022 vart det utestengt frå tevlinga som følgje av den russiske invasjonen av Ukraina dagen før.[15][16] Under er deltakarane i den fyrste semifinalen i rekkefølgja dei skulle opptre.[17][18]
Semifinale 2
[endre | endre wikiteksten]Atten land deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai 2022 klokka 21:00 CEST. Dei ti beste bidraga kvalifiserte seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Spania, Storbritannia og Tyskland framførte og røysta i denne semifinalen.[14] Under er deltakarane i den andre semifinalen i rekkefølgja dei skulle opptre.[17][19]
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Finalen vart arrangert laurdag 14. mai klokka 21.00 CEST, og 25 land deltok: dei fem store landa (inkludert vertslandet Italia), dei ti beste frå semifinale 1 og dei ti beste frå semifinale 2. Under er landa som var klare for finalen.[20] Vertslandet Italia trekte startnummer 9 under delegasjonsmøtet 15. mars 2022, mens den endelege rekkefølgja vart avgjord av produsentane og EBU så fort alle finalistane var klare 12. mai.[21]
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Konsekvensar av den russiske invasjonen av Ukraina
[endre | endre wikiteksten]Oppladinga til Eurovision Song Contest vart prega av krigen i Ukraina. Den 24. februar 2022 gjekk Russland til åtak på Ukraina, og krigen fekk også fleire konsekvensar for Eurovision Song Contest 2022.
Ukraina byter deltakar
[endre | endre wikiteksten]Artisten Alina Pasj vann den ukrainske nasjonale finalen Vidbir 12. februar med låten «Shadows of Forgotten Ancestors», og skulle ha representert Ukraina i Eurovision Song Contest, men nokre dagar etter den ukrainske finalen oppstod det strid rundt eit besøk ho hadde hatt på den russisk-annekterte Krim i 2015. I Ukraina er det strenge reglar for innreise til Krim, blant anna må ukrainarar søkje om innreise, og innreisa må skje via Ukraina.[23] Pasj leverte dokumentasjon på at ho hadde reist inn via Ukraina, men kringkastaren Suspilne meinte dokumentasjonen var fabrikkert.[24][25] Til slutt valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget med å representere Ukraina i Eurovision Song Contest, og kommenterte at ho «ikkje ville ha denne virtuelle krigen og hatet. Den viktigaste krigen no er den ytre, den som kom til landet mitt i 2014» – med tilvising til den då pågåande krigen i Aust-Ukraina.[26][27] I staden fekk andreplassen Kalush Orchestra og låten «Stefania» representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2022.[28]
Hendinga skjedde midt under den spente situasjonen mellom Russland og Ukraina, berre dagar før Russland gjekk til militært åtak på Ukraina.[29][30]
Russland vert utestengt frå tevlinga
[endre | endre wikiteksten]Etter at Russland invaderte Ukraina 24. februar 2022, vart Russland møtt av massiv fordømming frå land og organisasjonar over heile verda.[31][32] Den ukrainske kringkastaren Suspilne bad same dag EBU om å suspendere dei russiske kringkastarane VGTRK og Pervyj kanal. Suspilne hevda VGTRK og Pervyj kanal hadde fungert som talerøyr for russiske myndigheiter sidan den russiske intervensjonen i Ukraina i 2014.[33] Ein eventuell suspensjon ville utestengje Russland frå Eurovision Song Contest 2022, sidan eit land må vere medlem av EBU for å kunne delta. Tilsvarande hendingar skjedde i 1993 og 2021, då EBU utestengde Jugoslavia etter krigføring på Balkan og belarusiske BTRC frå unionen.[34]
I ein e-post til svenske SVT same dag skreiv EBU at Russland framleis var velkommen til å delta i tevlinga, sidan Eurovision Song Contest er ei ikkje-politisk tevling.[35][36][37] Fråsegna møtte sterk kritikk frå kringkastarar over heile Europa, og fleire kravde at EBU måtte utestengje Russland frå kringkastingsunionen.[38] Den finske kringkastaren Yle truga med å trekkje Finland frå tevlinga dersom Russland fekk delta, og ei tilsvarande fråsegn kom frå estiske ERR.[39] Norske NRK meinte også at Russland måtte utestengast: «Vi ser ikkje for oss at Russland kan delta i årets Eurovision Song Contest», sa dåverande kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NRK.[40][41]
Den 25. februar hadde kringkastarar i ti land bedd EBU om å suspendere Russland frå tevlinga: danske DR, estiske ERR, finske Yle, islandske RÚV, litauiske LRT, nederlandske AVROTROS, norske NRK, polske TVP, svenske SVT og ukrainske Suspilne.[42] Same dag vart Russland utestengt frå Europarådet, men dette fekk ingen direkte konsekvensar for EBU-medlemskapet til Russland.[43] Kort tid etter kunngjorde EBU likevel at Russland var utestengt frå Eurovision Song Contest.[44]
Ukraina vedtek å delta
[endre | endre wikiteksten]For å sikre seg om at Eurovision Song Contest kan gå som planlagd, må kvart deltakarland på førehand spele inn eit opptak der landets artist framfører bidraget live.[45] Dette opptaket vert berre brukt i tilfelle ein artist av ulike grunnar skulle verte forhindra frå å reise til tevlinga.[45] På grunn av den pågåande krigen fekk Ukraina fritak frå kravet om eit reserveopptak,[46] men landet spelte likevel inn eit slik opptak i Lviv.[47] I byrjinga av april stadfesta den ukrainske kringkastaren Suspilne at Ukraina kom til å delta, og at den ukrainske regjeringa hadde gjeve deltakarane Kalush Orchestra løyve til å forlate landet.[48] I utgangspunktet måtte alle stridsføre, vaksne ukrainske menn vere igjen i Ukraina.[49][50] Bandet drog på promoteringsturné over heile Europa og opptredde i tevlinga i mai.[48] Etter krigsutbrotet gjekk det ukrainske bidraget til topps på bettinglistene og var storfavoritt til å vinne tevlinga.[51][52]
Politisk bodskap frå scena
[endre | endre wikiteksten]Etter at Kalush Orchestra hadde opptredd i finalen, ropte vokalist Oleh Psiuk: «Ver så snill og hjelp Ukraina, Mariupol! Hjelp Azovstal akkurat no!».[53] Eurovision Song Contest har strenge reglar mot politiske ytringar og bodskap, og fleire kommentatorar meinte utbrotet kunne vere i strid med tevlingsreglane.[54][55] I verste fall kunne Ukraina verte diskvalifisert for opptrinnet.[56] EBU vedtok likevel å akseptere ytringa, og uttala til avisa VG: «Vi forstår de dype følelsene rundt Ukraina for øyeblikket, og anser kommentarene fra Kalush Orchestra og andre artister som uttrykker støtte til det ukrainske folk, som humanitære, snarere enn politiske i natur».[57] Ukraina gjekk til slutt hen og vann Eurovision Song Contest takka vere rekordmange poeng frå sjåarane.[56]
Feil med scenedelar
[endre | endre wikiteksten]Då prøvane starta i Torino 30. april 2022, melde dei italienske avisene La Repubblica og La Stampa om tekniske problem med den «kinetiske sola» på scena. Boge-elementa på scena kunne ikkje bevegast like mykje som planlagt, og problema kunne ikkje løysast før direktesendingane.[58][59][60] Fleire land, blant anna Litauen og Danmark, vart tvinga til å gjere om på sceneframsyningane sine, etter å ha vorte informerte om scenefeilen nokre dagar tidlegare.[61][62][63] Dagen etter melde La Stampa at produsentane hadde komne fram til ei løysing som innebar at scenebogen ville stå stille under framsyningane til artistane, men bevege seg under opnings- og pausenummera.[63][64]
Den makedonske flagghendinga
[endre | endre wikiteksten]På den turkise løparen under opningsseremonien 8. mai 2022 slengde artisten til Nord-Makedonia, Andrea Koevska, det makedonske flagget på bakken då ho skulle posere for pressa. Hendinga vekte harme heime i Nord-Makedonia, og Andrea vart skulda for å ha vanhelga flagget.[65] Den makedonske ålmennkringkastaren MRT publiserte seinare ei pressemelding der han fordømde handlinga hennar og meinte ho hadde «vanæra eit nasjonalsymbol, noko som er straffbart etter makedonsk lov». I same pressemelding oppgav kringkastaren at dei vurderte å trekkje Andrea frå tevlinga, og at det ville få konsekvensar for den ansvarlege i delegasjonen.[66][67] Andrea la same kveld ut ei orsaking på video og forklarte at ho hadde kasta flagget fordi fotografane bad om eit bilete utan flagget.[68][69] MRT kunngjorde 11. mai at dei ville setje inn «disiplinære tiltak» overfor delegasjonen ved heimkomsten frå Torino, og at landet vurderte å trekkje seg frå Eurovision Song Contest i 2023 på grunn av den negative publisiteten hendinga hadde skapt.[70]
Forsøk på cyberåtak
[endre | endre wikiteksten]Den pro-russiske hackergruppa Killnet utførte 11. mai 2022 eit åtak mot nettstadane til ei rekkje italienske institusjonar, blant anna det italienske forsvarsdepartementet, det italienske senatet, det italienske folkehelseinstituttet og Automobile Club d'Italia.[71][72] Den offisielle nettstaden til Eurovision Song Contest og den tekniske plattforma til røystesystemet var også blant måla til hackergruppa.[73] Ytterlegare cyberåtak fann stad under begge semifinalane og finalen,[74] men åtaka frå Killnet og partnergruppen Legion vart avverja, og hackerane lukkast ikkje med å ta ned nettstaden eller å forstyrre avrøystinga.[75][76][77]
Annullering av jurystemmer
[endre | endre wikiteksten]Under juryprøva foran den andre semifinalen onsdag 11. mai 2022, vedtok EBU å annullere røystene til seks nasjonale jurygrupper: Aserbajdsjan, Georgia, Montenegro, Polen, Romania og San Marino.[78] Grunngjevinga var ifølgje EBU at dei seks jurygruppene hadde «uvanlege røystemønster».[79] Den flamske kringkastaren VRT melde at poenga vart fjerna sidan EBU hadde «sikre kjelder» på at dei seks landa hadde avtalt å røyste på kvarandre.[80] EBU stadfesta ikkje påstanden, men la 19. mai fram tal som viste at fire av de seks jurygruppene hadde plassert dei fem andre landa i sin topp fem, éi jurygruppe hadde dei fem andre landa i sin topp seks, medan den sjette og siste jurygruppa hadde plassert dei andre på topp fire og den siste på sjuandeplass.[78] Dette avveik stort frå røystene til dei 15 andre jurygruppene i semifinalen, og EBU valde difor å annullere poenga til dei seks jurygruppene. I staden rekna EBU ut erstatningspoeng for dei seks landa. Desse poenga var basert på juryrøystene til land med liknande røystemønster. Alle deltakarland var nemleg på førehand delte inn i grupper ut frå røystemønsteret dei 15 siste åra. Land med like røystemønster, og som røyster regelmessig på kvarandre, hamnar i same røystegruppe. Desse gruppene vert også brukte under trekkinga av semifinalane i januar.[79][81]
Også under finalen vart poenga til dei seks jurygruppene annullerte og erstatta av utrekna poeng. Under juryavrøystinga i finalen vart tolvpoengarane til Aserbajdsjan, Romania og Georgia lesne opp av tevlingssjef Martin Österdahl.[82] På direkten antyda programleiarane at dette skuldast tekniske problem, men dei tre kringkastarane avviste at det hadde vore noko problem med sambandet til Torino.[83][84] Etter finalen meinte den rumenske kringkastaren TVR at EBU hadde «endra reglane midt i spelet» og bad om ein forklaring på kvifor jurypoenga deira vart avviste.[85] Den rumenske juryen gav 12 poeng til Moldova, og TVR nekta å godta erstatningspoenga frå EBU.[86] Kanalen truga også med å trekkje seg frå den påfølgjande tevlinga.[87]
Georgiske GBP og aserbajdsjanske İTV bad også om ei forklaring for annulleringa av jurypoenga deira. Jurygruppene til begge landa hadde Ukraina som favoritt.[88][89][90] Den montenegrinske kringkasteren RTCG avviste at det hadde skjedd noko feil, og stilla seg undrande til annulleringa av poenga.[91]
Fråværet til Laura Pausini under avrøystinga
[endre | endre wikiteksten]Under store delar av juryavrøystinga var programleiaren Laura Pausini fråverande. I staden handterte Alessandro Cattelan og Mika avrøystinga på eiga hand. Dette medførte nokre forseinkingar, sidan Cattelan fleire gongar måtte løpe frå scena til green room for å intervjue deltakarane.[92] Pausini kom tilbake på scena like før poenga frå sjåarane skulle delast ut, utan å gje noka direkte forklaring på fråværet. Ho fortalde seinare at ho hadde hatt eit plutseleg blodtrykksfall, og at lækjarane gav henne beskjed om å ta ein liten pause før ho fekk fortsetje programleiarjobben.[93][94] Pausini leia resten av sendinga utan ytterlegare problem.
Trofé selt på auksjon
[endre | endre wikiteksten]Kalush Orcherstra auksjonerte bort sigerstroféet til kampen mot den russiske krigføringa. Troféet vart selt for 900 000 amerikanske dollar.[95]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Turin, Italy, to host the 66th Eurovision Song Contest in May 2022 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 8. oktober 2021. Henta 8. oktober 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «REVEALED: the 41 countries joining Eurovision in Turin 2022 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 20. oktober 2021. Henta 20. oktober 2021.
- ↑ 3,0 3,1 «Eurovision 2022 Hosts: Laura Pausini, Alessandro Catellan and Mika 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 2. februar 2022. Henta 2. februar 2022.
- ↑ NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ «Russland utestenges fra Eurovision Song Contest». VG.no (på engelsk). 25. februar 2022. Henta 25. februar 2022.
- ↑ Washak, James (27. desember 2021). «🇮🇹 Eurovision 2022: Directors for the Contest Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 22. januar 2022.
- ↑ Dammacco, Beppe (27. desember 2021). «Eurovision 2022: in regia ci sarà Duccio Forzano (e non poteva andarci meglio di così!)» (på italiensk). Henta 22. januar 2022.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2022 theme revealed: The Sound of Beauty 🇮🇹». Eurovision.tv. European Broadcasting Union. 21. januar 2022. Henta 21. januar 2022.
- ↑ Granger, Anthony (27. november 2021). «Eurovision 2022: Atelier Francesca Montinaro Selected to Design Stage For Eurovision». Eurovoix (på engelsk). Henta 27. november 2021.
- ↑ Davidović, Nikola (27. november 2021). «Eurovision 2022: la scenografia del palco sarà realizzata da Atelier Francesca Montinaro». EIN (på italiensk). Henta 27. november 2021.
- ↑ Zefteridis, Giorgos (27. november 2021). «Eurovision 2022: Studio "Atelier Francesca Montinaro" stage designers for Eurovision 2022!». Eurovision Fun (på engelsk). Henta 27. november 2021.
- ↑ Granger, Anthony (3. desember 2021). «Eurovision 2022: Hosts to be Revealed After Sanremo». Eurovoix (på engelsk). Henta 3. desember 2021.
- ↑ Rossini, Federico (25. februar 2022). «Eurovision 2022: Eurovillage al Parco del Valentino» (på italiensk). Henta 26. februar 2022. «Eurofestival News»
- ↑ 14,0 14,1 «Eurovision 2022: Which Semi-Final is your country performing in? 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 25. januar 2022. Henta 25. januar 2022.
- ↑ NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ «Russland utestenges fra Eurovision Song Contest». VG.no (på engelsk). 25. februar 2022. Henta 25. februar 2022.
- ↑ 17,0 17,1 «Eurovision Song Contest 2022 Semi-Final running orders revealed!». Eurovision.tv (på engelsk). 29. mars 2022. Henta 29. mars 2022.
- ↑ «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 29. mars 2022.
- ↑ «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Grand Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Italy will perform 9th in the Grand Final running order 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022.
- ↑ «Eurovision 2022: The Grand Final running order». Eurovision.tv (på engelsk). 13. mai 2022. Henta 13. mai 2022.
- ↑ «Alina Pash: Singer won't represent Ukraine at Eurovision». BBC News (på engelsk). 16. februar 2022. Henta 17. februar 2022.
- ↑ «Ukraine's Eurovision act quits after claims she illegally travelled to Russia-controlled Crimea». Sky News (på engelsk). Henta 17. februar 2022.
- ↑ «🇺🇦 Ukraine: Alina Pash Withdraws From Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). 16. august 2021. Henta 16. oktober 2021.
- ↑ «Ukraine: 'Vidbir' winner Alina Pash will not go to Eurovision 🇺🇦». Eurovision.tv (på engelsk). 16. februar 2022. Henta 17. februar 2022.
- ↑ «“I don’t want this virtual war” — Alina Pash withdraws from Eurovision following Crimea travel controversy». Wiwibloggs (på engelsk). 16. august 2021. Henta 16. oktober 2021.
- ↑ «Ukraine: Kalush Orchestra will go to Turin with 'Stefania' 🇺🇦». Eurovision.tv (på engelsk). 22. februar 2022. Henta 5. mars 2022.
- ↑ AS, TV 2 (17. februar 2022). «Ukrainsk vinner trekker seg fra Eurovision». TV 2 (på norsk). Henta 17. februar 2022.
- ↑ «Why is Russia invading Ukraine and what does Putin want?». BBC News (på engelsk). 3. mars 2022. Henta 5. mars 2022.
- ↑ NTB |, Caisa Linea Hagfors (24. februar 2022). «Massiv fordømmelse fra omverden». dagbladet.no (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ suspilne. «Суспільне вимагає припинити членство російських ЗМІ у ЄМС». corp.suspilne.media (på engelsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Union (EBU), European Broadcasting (28. mai 2021). «EBU Executive Board agrees to suspension of Belarus Member BTRC». www.ebu.ch (på engelsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Savage, Mark (24. februar 2022). «Eurovision: Russia can compete despite invasion of Ukraine». BBC News (på engelsk) (BBC). Henta 24. februar 2022.
- ↑ Green, Alex (24. februar 2022). «Russia can compete in Eurovision despite Ukraine invasion, organisers say». The Independent (på engelsk). Henta 24. februar 2022.
- ↑ Wyser, Daniel (24. februar 2022). «Trots krigshandling – Ryssland välkomnas fortfarande till ESC». SVT Nyheter (på svensk). Sveriges Television. Henta 24. februar 2022.
- ↑ Luukela, Sami (25. februar 2022). «Europe responds to EBU statement regarding Russia competing in Eurovision». ESCXTRA.com (på engelsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Mankkinen, Jussi (25. februar 2022). «Yle vetoaa EBUun: Venäjä pitää sulkea kokonaan pois Euroviisuista, tai Suomi ei lähetä esiintyjää mukaan». Yle Uutiset (på finsk). Yle. Henta 25. februar 2022.
- ↑ Svelstad, Oda Elise (25. februar 2022). «NRK vil ikke at Russland skal delta i Eurovision». NRK (på norsk bokmål). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Thomas Talseth (25. februar 2022). «NRK: – Vi ser ikke for oss at Russland kan delta i årets Eurovision Song Contest». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Kerttu Kaldoja (25. februar 2022). «Eesti osalemine Eurovisioonil sõltub Venemaa osalusest» (på estisk). ERR. Henta 28. august 2022.
- ↑ NRK (25. februar 2022). «Russland kastet ut av Europarådet». NRK (på norsk bokmål). Henta 25. februar 2022.
- ↑ «EBU statement regarding the participation of Russia in the Eurovision Song Contest 2022». Eurovision.tv (på engelsk). 25. februar 2022. Henta 25. februar 2022.
- ↑ 45,0 45,1 «2021 artists to record song “live-on-tape” to ensure Contest will happen». Eurovision.tv (på engelsk). 18. november 2020. Henta 19. november 2020.
- ↑ Granger, Anthony (29. mars 2022). «🇮🇹 Eurovision 2022: 🇺🇦 Ukraine Has Been Exempted From Requirement to Film Live-on-tape Performance». Eurovoix (på engelsk). Henta 2. april 2022.
- ↑ Glusjsjenko, Olga (15. mars 2022). «Україна виступить на "Євробаченні 2022": стали відомі можливі формати». Pravda Ukraina.
- ↑ 48,0 48,1 Granger, Anthony (2. april 2022). «🇺🇦 Ukraine: Kalush Orchestra Will Perform Live at Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). Henta 2. april 2022.
- ↑ «In a war of terrible choices, these are the fighting-age men who left Ukraine». Washington Post (på engelsk). ISSN 0190-8286. Henta 2. april 2022.
- ↑ Gilbert, Asha C. «Reports: Ukraine bans all male citizens ages 18 to 60 from leaving the country». USA TODAY (på engelsk). Henta 2. april 2022.
- ↑ Granger, Anthony (21. mars 2022). «Betting Odds: 🇺🇦 Ukraine Favorite to Win Eurovision 2022 With All Songs Now Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 2. april 2022.
- ↑ «Odds Eurovision Song Contest 2022». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 2. april 2022.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2022 – Ukrainas avslutning». Rai/EBU/NRK TV. 14. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ Frost, Caroline; Frost, Caroline (15. mai 2022). «“Humanitarian Gesture”: Eurovision Winners Kalush Orchestra Escape Punishment For Political Statement During Winning Performance». Deadline (på engelsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ Power, Ed. «Eurovision 2022: Ukraine ignore political rules to make ‘help Mariupol’ plea». The Irish Times (på engelsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ 56,0 56,1 Robert Hoftun Gjestad (15. mai 2022). «Ukraina vant Eurovision». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 16. mai 2022.
- ↑ Stein Østbø, Martha C. S. Holmes og Thomas Talseth (14. mai 2022). «EBU til VG om Ukrainas bønn i Eurovision: – Humanitært snarere enn politisk». www.vg.no (på norsk bokmål). VG Nett. Henta 16. mai 2022.
- ↑ «Eurovision, si parte ma sul super palco il primo intoppo». la Repubblica (på italiensk). 29. april 2022. Henta 3. mai 2022.
- ↑ «Eurovision, guasto alla scenografia ma si accende la musica». La Stampa (på italiensk). 30. april 2022. Henta 3. mai 2022.
- ↑ Granger, Anthony (30. april 2022). «🇮🇹 Eurovision 2022: Technical Issues Reported With The Kinetic Sun Stage». Eurovoix (på engelsk). Henta 3. mai 2022.
- ↑ «Monika Liu išbandė „Eurovizijos“ sceną Turine: pirmą repeticiją trikdė nesklandumai». lrt.lt (på litauisk). 30. april 2022. Henta 3. mai 2022.
- ↑ «🇱🇹 Lithuania: Unable to Stage Monika Liu's Eurovision Performance as Expected». Eurovoix (på engelsk). 30. april 2022. Henta 3. mai 2022.
- ↑ 63,0 63,1 «Kaos i kulissen: Danmark tvunget til at ændre i Eurovision-optræden i sidste øjeblik». DR (på dansk). 2. mai 2022. Henta 3. mai 2022.
- ↑ Rossini, Federico (2. mai 2022). «Eurovision 2022, cosa è successo al palco: la situazione» (på italiensk). Henta 3. mai 2022.
- ↑ «North Macedonia’s MRT condemns Andrea’s flag throwing at Eurovision opening ceremony». escYOUnited (på engelsk). 8. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ MRT (8. mai 2022). «Осуда за скандалозното однесување на нашата евровизиска претставничка». Мakedonska Radio Televizija. Henta 16. mai 2022.
- ↑ says, Bb Tt (8. mai 2022). «[UPD] MRT considering withdrawing Andrea from Eurovision following 'flag scandal', apology issued». ESCXTRA.com (på engelsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ «ВИДЕО | Андреа Коевска се извини: Немав намера да навредам некого со тоа што го фрлив знамето на земја». Слободен печат (på makedonsk). 8. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ ESC Discord (11. mai 2022). «Tråd om hendelsen på Twitter». Twitter (på norsk bokmål). Henta 16. mai 2022.
- ↑ MRT (11. mai 2022). «Соопштение до јавноста од МРТ». Makedonska radio televizija. Henta 16. mai 2022.
- ↑ Welle (www.dw.com), Deutsche. «Pro-Russia 'Killnet' hackers target Italian institutions | DW | 11.05.2022». DW.COM (på engelsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ Reuters (11. mai 2022). «Pro-Russian hackers target Italy institutional websites -ANSA news agency». Reuters (på engelsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ Yasmin Sfrintzeris (14. mai 2022). «Russisk hackergruppe truer med å påvirke Eurovision-resultatene». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 16. mai 2022.
- ↑ Andrea Bonetti (15. mai 2022). «Eurovision 2022, la Polizia sventa attacchi hacker ai sistemi di rete della rassegna» (på italiensk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ Frazer, Darren (13. mai 2022). «🇮🇹 Eurovision 2022: Eurovision.tv Targeted By Hackers». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ «Eurovision 2022: Russian vote hacking attempt foiled, police say». BBC News (på engelsk). 16. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ «Esc: polizia postale sventa attacco informatico - Piemonte». Agenzia ANSA (på italiensk). 15. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ 78,0 78,1 «EBU Statement: Irregular voting patterns during Second Semi-Final 2022». Eurovision.tv (på engelsk). 19. mai 2022. Henta 22. mai 2022.
- ↑ 79,0 79,1 «EBU statement regarding voting patterns during 2022 shows». Eurovision.tv (på engelsk). 14. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ NWS, VRT (15. mai 2022). «Verdachte jurystemmen in 6 landen op Songfestival: organisator EBU moest uitslag laten herberekenen». vrtnws.be (på nederlandsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ «EBU reveals six national juries were removed from Eurovision 2022». ESCXTRA.com (på engelsk). 15. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ «Ukraine wins Eurovision after taking out massive public vote - as it happened». ABC News (på engelsk). 14. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ «🇦🇿 Azerbaijan: İctimai Television Working to Understand Why Eurovision Jury Vote Was Not Accepted». Eurovoix (på engelsk). 15. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ Granger, Anthony (15. mai 2022). «🇷🇴 Romania: TVR Responds to Removal of Romanian Jury From Eurovision 2022 Voting». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ «Reacția TVR după descalificarea juriului României la Eurovision: Regulile au fost schimbate în timpul jocului». www.digi24.ro (på rumensk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ «Precizările TVR referitoare la situația creată de anularea rezultatului votului». eurovision.tvr.ro (på rumensk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ «Romania: TVR threatens Eurovision withdrawal and legal action against EBU amid jury voting scandal». wiwibloggs (på engelsk). 20. mai 2022. Henta 22. mai 2022.
- ↑ «საზოგადოებრივი მაუწყებელი ევროვიზიის სიმღერის კონკურსზე ეროვნული ჟიურის ქულებთან დაკავშირებით განცხადებას ავრცელებს». 1TV (på georgisk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ Granger, Anthony (15. mai 2022). «🇬🇪 Georgia: GPB Seeking Clarification Regarding Jury Voting in Eurovision Grand Final». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ «ITV: «Азербайджан отдал 12 баллов Украине, а не Великобритании» - ВИДЕО». 1news.az (på russisk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ «Tražimo pojašnjenje od EBU, glasanje proteklo u redovnoj proceduri». RTCG - Radio Televizija Crne Gore - Nacionalni javni servis (på montenegrinsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ eurofestival (15. mai 2022). «Eurovision 2022, Laura Pausini assente al voting: "Ho avuto un calo di pressione"» (på italiensk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ «Laura Pausini explains absence during Eurovision voting segment». ESCXTRA.com (på engelsk). 15. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ «Laura Pausini falls ill during the Eurovision final: on social media she explains what happened». Chicago Popular (på engelsk). 15. mai 2022. Henta 16. mai 2022.
- ↑ Thomas Talseth (29. mai 2022). «Kalush Orchestra har solgt Eurovision-trofeet». www.vg.no (på norsk bokmål). VG Nett. Henta 21. august 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest 2022» frå Wikipedia på bokmål, den 8. oktober 2021.