Hopp til innhald

Fellesnemnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fellesnemnar er eit omgrep i matematikk. To eller fleire brøkar med ulik nemnar kan skrivast om slik at dei får same nemnar, og dette talet vert då kalla ein fellesnemnar for brøkane. Ein brøk endrar ikkje verdien sin om ein multipliserer teljaren og nemnaren med same tal. Ein kan derfor ta eit felles multiplum for nemnarane som fellesnemnar. I dei fleste tilfelle vil ein som fellesnemnar ta det minste felles multiplum.

Minste fellesnemnar for

er 36 fordi minste felles multiplum av 12 og 18 er 36. På same måte er minste fellesnemnar av

12. Ved å nytte minste fellesnnemnar (eller multiplum av dette, som produktet av nemnarane) som ein fellesnamnar kan ein addere, subtrahere eller samanlikne brøkane:




Den minste fellesnemnaren av to alminnelege brøkar kan finnast ved å finne minste felles multiplum av nemnarane deira.