Fever av Aerosmith
Fever Singel av Aerosmith frå albumet Get a Grip | ||
Utgjeve | 30. august 1993 | |
Innspelt | 1992 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:15 | |
Selskap | Geffen | |
Låtskrivar(ar) | Steven Tyler og Joe Perry | |
---|---|---|
Produsent | Bruce Fairbairn | |
Aerosmith-kronologi | ||
«Eat the Rich» (1993) |
Fever | «Cryin'» (1993)
|
«Fever» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Songen kom ut på det særs suksessrike albumet deira Get a Grip i 1993. Han vart skriven av Steven Tyler og Joe Perry og er den einaste Tyler/Perry-songen på Get a Grip skriven utan hjelp av eksterne «song-doktorar». Sngen er det fjerde sporet på Get a Grip, og er fire minuttar og femten sekundar langt. Songen nådde femteplassen på Billboard Mainstream Rock Tracks-lista og er ein av sju spor frå Get a Grip som gjekk inn på ei salsliste.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Songen ser ut til å handla om å ha det gøy, og korleis bandmedlemmene, spesielt Steven Tyler, har forlate narkotika til fordel for sex og andre fornøyelege ting i livet, med tekstar som «the buzz that you be gettin' from the crack don't last, I'd rather be OD'in on the crack of her ass.».
Songen har tungt gitarspel av Joe Perry og Brad Whitford, ein fartsfylt trommerytme og bassrytme av Joey Kramer og Tom Hamilton, og høg og variert song og munnspel av Tyler. Gitarsoloen blir spelt av Whitford.
Salslister (Aerosmith-versjonen)
[endre | endre wikiteksten]«Fever» debuterte på 25. plassen på den amerikanske Billboard Album Rock Tracks-lista for veka som starta 4. september 1993
Liste (1995) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Album Rock Tracks | 5 |
Garth Brooks-versjonen
[endre | endre wikiteksten]The Fever Singel av Garth Brooks frå albumet Fresh Horses | ||
B-side |
The Night Will Only Know | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. november 1995 | |
Innspelt | 1995 | |
Sjanger | country, countryrock | |
Lengd | 2:40 | |
Selskap | Capitol Nashville 18948 | |
Låtskrivar(ar) | Steven Tyler Joe Perry Dan Roberts Bryan Kennedy | |
Produsent | Allen Reynolds | |
Garth Brooks-kronologi | ||
«She's Every Woman» (1995) |
The Fever | «The Beaches of Cheyenne» (1995)
|
Countryartisten Garth Brooks spelte inn songen in 1995, då kalla «The Fever».
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Den countryrock-genererte versjonen til Brooks hadde ein endra tekst som skildra ei rodeo-stjerne som var avhengig av yrket sitt (t.d. «He's got a split finger wrap and his rope's pulled way too tight / He's got a lunatic smile 'cause he's really drawn deep tonight.»). Songen var med på albumet Fresh Horses. Som den andre singelen frå albumet nådde han 23. plassen på den amerikanske Billboard Hot Country Singles & Tracks (no Hot Country Songs) og andreplassen på RPM Top Country Tracks-lista i Canada. Brooks inkluderte òg songen på konsertane sine og han dukka opp i 1998 på albumet hans Double Live.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Garth Brooks – solo- og korvokal
- Mike Chapman – bassgitar
- Rob Hajacos – fele
- Gordon Kennedy – elektrisk gitar
- Chris Leuzinger – elektrisk gitar
- Milton Sledge – trommer og perkusjon
Salslister
[endre | endre wikiteksten]«The Fever» debuterte på 27. plassen på den amerikanske Billboard Hot Country Singles & Tracks for veka 25. november 1995.
Liste (1995) | Plassering |
---|---|
Canada Country Tracks (RPM)[1] | 2 |
US Country Songs (Billboard)[2] | 23 |
Årslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1996) | Plassering |
---|---|
Canada Country Tracks (RPM)[3] | 94 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Garth Brooks si utgåve av songen vart også spelt inn av den amerikanske countrymusikaren Chris LeDoux i 1998 på albumet hans One Road Man.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fever (Aerosmith song)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. 8. januar 1996.
- ↑ "Brooks?f=357&g=Singles Garth Brooks Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Garth Brooks. Prometheus Global Media.
- ↑ «RPM Top 100 Country Tracks of 1996». RPM. 16. desember 1996. Henta 15. mai 2023.