Fieberbrunn
Utsjånad
Fieberbrunn er ein kommune i distriktet Kitzbühel i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 76,2 km² og i kring 4 300 ibuarar. Landsbyen Fieberbrunn ligg 790 meter over havet.
Dei 19 små og større grendene i kommunen ligg spreidd i eit landskap med bakkar, lauvskog og snaufjell, søraust for Kitzbühel.
Turisme er hovudnæring i Fieberbrunn, ganske særleg vinterturismen.
Skihopparen Andreas Widhölzl og skirennaren Manuel Feller er begge frå Fieberbrunn.
KJelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fieberbrunn» frå Wikipedia på tysk, den 28. mars 2017.