Filmen Klaus
Regi | Sergio Pablos | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Jinko Gotoh, Sergio Pablos, Marisa Román, Marisa Román | ||
Manus | Sergio Pablos, Jim Mahoney, Zach Lewis | ||
Stemmeskodespelar | Jason Schwartzman, J. K. Simmons, Rashida Jones, Will Sasso, Sergio Pablos, Norm Macdonald, Joan Cusack | ||
Klipp | Pablo García Revert | ||
Musikk | Alfonso G. Aguilar | ||
Produksjonsselskap | Aniventure, Netflix Animation | ||
Distributør | Netflix | ||
Utgjevingsdato | 2019, 8. november 2019 (USA)[1] | ||
Lengd | 96 minutt | ||
Opphavsland | Spania | ||
Språk | engelsk | ||
Sjanger | eventyrfilm, animasjonfilm, julefilm, komedie, drama |
Klaus er ein spansk 2D-animert jule-dramakomedie frå 2019, skriven og regissert av Sergio Pablos, produsert av selskapet Sergio Pablos Animation Studios og distribuert av Netflix. Jason Schwartzman, J. K. Simmons, Rashida Jones, Will Sasso, Neda Margrethe Labba, Sergio Pablos, Norm Macdonald og Joan Cusack gjev stemmer til karakterane i filmen. Klaus skildrar ei alternativ historie om opphavet til julenissen, uavhengig av Sankt Nikolaus og i ein fiktiv setting frå 1900-talet, som handlar om ein postmann stasjonert i ei øybygd langt mot nord som blir kjend med ein einstaka leikemakar, Klaus.
Klaus vart utgjeven 8. november 2019 og fekk positiv mottaking for animasjonen, historia og stemmeskodespelet. Han vann sju prisar under Annie Award-utdelinga i 2020, og vart nominert til ein Oscar-pris for beste animerte langfilm for 2019.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.imdb.com/title/tt4729430/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 8. mai 2022.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |