First Lord of the Admiralty
Utsjånad
First Lord of the Admiralty,[1] formelt Office of the First Lord of the Admiralty,[2] var den politiske leiaren for den engelske og seinare britiske marinen, Royal Navy. Han var seniorrådgjevaren til regjeringa for alle marinesaker, og var ansvarleg for leiinga og kontroll med Admiralitetet, og for administrasjonen av den britiske marinetenesta generelt. Stillinga First Lord of the Admiralty eksisterte frå 1628 til ho blei avvikla då Admiralitetet, Air Ministry, Ministry of Defence og War Office blei slått saman til Det britiske forsvarsdepartementet (Ministry of Defence) i 1964. Stillinga tilsvarar britisk forsvarsminister i dag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Eberle, Sir James (2007). Wider horizons: naval policy & international affairs (på engelsk). Roundtuit Publishing. s. 1. ISBN 9781904499176.
- ↑ Pryde, E. B. (23 February 1996). Handbook of British Chronology (på engelsk). Cambridge University Press. s. 135. ISBN 9780521563505.
- Denne artikkelen bygger på «First Lord of the Admiralty» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mai 2023.