Flekterande språk
Eit flekterande språk er eit slags syntetisk språk som skil seg frå agglutinerande språk ved å ha tendens til å slå saman fleire morfem som uttrykkjer grammatikalske, syntaktiske eller semantiske drag sånt at grensa mellom dei er uklår. Prosessen å tilføye morfema til ordrota heiter i flekterande språk fleksjon eller bøying.
Innanfor den indoeuropeiske slekta finst det fleire flekterande språk. Ein kan mellom anna nemne sanskrit, gresk, litauisk, polsk, tsjekkisk, latin, norrønt, hindustani og panjabi. Fleksjonen opptrer òg i fleire semittiske språk. Samiske språk viser òg ein viss grad av bøying i motsetnad til finsk og ungarsk som ogso høyrer til den uralske slekta.
Ein kan sjå korleis som eit flekterande språk fungerer med hjelp av det latinske ordet paucus («liten»), der endinga -us markerer tre lingvistiske kategoriar: hannkjønn, namnekasus (nominativ) og eintal. Vil ein endre ein av desse kategoriane, må ein endre heile suffikset. Om ein treng til dømes hokjønnsform i det same kasuset og talet, må ein erstatte -us med -a: pauca. Samanslåing av morfem fører ofte til endingshomofoni. Til dømes kan den islandske endinga -a tyde både akkusativ og genitiv fleirtal, og riktig tolking er mogleg berre når ein kjenner samanhengen.