Fokker F28 Fellowship
Utsjånad
Fokker F28 Fellowship er eit to-motors jetfly til bruk på mellomdistanseflygingar. Flyet vart produsert i 241 eksemplar av den nederlandske produsenten Fokker frå 1967 til 1987. Den første kommersielle flyginga vart gjord av Braathens S·A·F·E den 28. mars 1969, men det første flyet vart levert til det tyske flyselskapet LTU International. Dei seks ulike utgåvene av F28 tek mellom 64 og 79 passasjerar.
Den første og største ulukka med Fokker Fellowship var Asker-ulukka på vesle julaftan 1972, då Braathens rute 239 frå Ålesund til Oslo styrta og 40 liv gjekk tapt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fokker F28 Fellowship» frå Wikipedia på bokmål, den 28. september 2018.