Hopp til innhald

François Hollande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
François Hollande

Fødd12. august 1954 (70 år)
Rouen
Statsborgar avFrankrike
PartiParti socialiste (1979)
Yrkemagistrat, advokat, funksjonær, statsmann, politikar, anciens cadres
Utdanna vedUniversité Panthéon-Assas
Sciences Po
HEC Paris
École nationale d'administration
Jean-Baptiste-de-La-Salle de Rouen School
Lycée Pasteur
MorNicole Tribert
FarGeorges Hollande
EktefelleJulie Gayet, Ségolène Royal, Valérie Trierweiler
SambuarSégolène Royal, Valérie Trierweiler, Julie Gayet
BarnJulien Hollande, Flora Hollande, Thomas Hollande, Clémence Hollande
MedlemFondation franco-américaine
HEC Alumni
Alle verv
  • Frankrikes president (2012–2017)
  • fransk samfyrste av Andorra (2012–2017)
  • Førstesekretær i det franske sosialistpartiet (1997–2008)
  • ordfører i Tulle (2001–2008)
  • parlamentsmedlem i Frankrike (1997–2002)
  • parlamentsmedlem i Frankrike (1988–1993)
  • generalrådsmedlem (2008–2012)
  • parlamentsmedlem i Frankrike (2002–2007)
  • parlamentsmedlem i Frankrike (2007–2012)
  • Medlem av Europaparlamentet (1999–1999) Sjå dette på Wikidata

François Gérard Georges Nicolas Hollande (fødd 12. august 1954) er ein tidlegare sosialistisk politikar.[1] Han var president i Frankrike frå 2012 til 2017,[2] fylgjeleg var han òg fransk samfyrste i Andorra.[3][4]

Hollande var medlem av den franske nasjonalforsamlinga i periodane 1988–1993 og 1997–2012. I tida frå 1997 til 2008 var han leiar for det franske sosialistpartiet (PS).[5]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Hollande stilte til val til det franske parlamentet for fyrste gong i 1981, som kandidat frå Corrèze. Han tapte kampen mot den konservative kandidaten Jacques Chirac, som seinare skulle verta president. Då han forsøkte å nyo i 1988 vart Hollande valt inn i parlamentet. Forsøket på å verta attvald i 1993 var mellombels mislykka, men Hollande kom attende til parlamentet i 1997.[6]

I 1997 vart også Hollande valt til ny generalsekretær for det sosialdemokratiske Parti socialiste (PS) etter Lionel Jospin, som same år vart statsminister i Frankrike. Dei neste åra bygde Hollande seg opp ein sterk posisjon i partiet, både dei fyrste åra PS var i regjering, og etter presidentvalet i 2002. Lionel Jospin trakk seg tilbake etter å ha tapt kampen om å gå vidare til andre runde i presidentvalet for Jean-Marie Le Pen frå høgreekstreme Nasjonal Front, og Hollande vart den viktigaste personen for sosialistpartiet. Sjølv om det var usemje i partiet vart Hollande attvalt som generalsekretær under partikongressen i 2003, og han vart sitjande i posisjonen heilt til 2008, då posten gjekk vidare til Martine Aubry.[6]

Frå 2001 til 2008 var han borgarmeister i Tulle.[6]

Presidentvalet 2012

[endre | endre wikiteksten]

Han var kandidaten til sosialistpartiet under presidentvalet i Frankrike 2012, etter å ha vore ein av seks kandidatar då partiet hausten 2011 gjennomførte primærval for å kjosa kven som skulle vera presidentkandidaten til partiet. Han fekk fleire røyster enn nokon andre i fyrste runde av primærvalet, deriblant sin tidlegare sambuar Ségolène Royal, som var partiets kandidat under presidentvalet i 2007.[6]

Ingen av kandidatane fekk meir enn 50 % av røystene under fyrste runde av primærvalet. Hollande gjekk med 39 % av røystene vidare til andre runde den 16. oktober, der han sto opp mot sin etterfylgjar som generalsekretær Martine Aubry, som fekk 30 %.[6]

Andre runde enda med siger til Hollande, med nær 57 %, mot Martine Aubry med sine 43 % av røystene.[6]

Hollande fekk 28,63 % i fyrste runde av presidentvalet i 2012, meir enn nokon annan kandidat,[6] ein andre runde var likevel naudsynt. Holland sigra i andre valomgang av det franske presidentvalet 6. mai 2012 med 51,64 % av røystene, mot den sitjande presidenten, Nicolas Sarkozy, sine 48,36 %. Han var den sjuande presidenten i den femte franske republikken.[7]

Hollande gjekk blant anna til val på hardare skattlegging av høge inntekter og lovnader om reformer i skulesystemet og rekruttering av 60 000 nye lærarar. Ei av dei sakene som fekk størst merksemd internasjonalt i Hollandes fyrste tid som president var ein kjønnsnøytral ekteskapslov og retten til adopsjon for homofile og lesbiske. Dei fyrste ekteskapane mellom to personar av same kjønn vart inngått berre dagar etter at loven tredde i kraft i mai 2013.[6]

Presidentperioden var prega av periodar med låg oppslutnad på meiningsmålingane. Etter terroråtaka mot satiremagasinet Charlie Hebdo og ein jødisk butikk i Paris i januar 2015, vart Hollande styrkja på målingane, men lokalvala i mars seinare same år vart eit nederlag for Sosialistpartiet og Hollande.[6]

Personleg liv

[endre | endre wikiteksten]

Hollande voks opp i ein mellomklassefamilie i Rouen, men familien flytta til Neuilly-sur-Seine, beste vestkant utanfor Paris, då han var 13 år.[6]

Han har fire born med Ségolène Royal, som var kandidaten til partiet under presidentvalet i 2007. Paret skilde lag same år.[6]

  1. «François Hollande | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 10. november 2022 
  2. «François Hollande», elysee.fr (på engelsk), 22. november 2018, henta 10. november 2022 
  3. «François Hollande, co-prince d'Andorre, reçoit des responsables de la principauté», www.20minutes.fr (på fransk), 26. juli 2012, henta 10. november 2022 
  4. «Entretien du Président de la République, M. François Hollande avec MM. Marti et Mateu, Chef du Gouvernement et Syndic Général de la Principauté d’Andorre» (på fransk). La France en Andorre. Arkivert frå originalen 9. juli 2014. 
  5. Ray, M. «François Hollande» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 17. mars 2024. 
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 Løkeland-Stai, Espen. «François Hollande». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 17. mars 2024. 
  7. «François Hollande sworn in as French president» (på engelsk). France24. Arkivert frå originalen 16. mai 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: François Hollande