Gaziantep
Gaziantep | |||
by | |||
Gaziantep
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-Anatolia | ||
Provins | Gaziantep | ||
Koordinatar | 37°04′N 37°23′E / 37.067°N 37.383°E | ||
Areal | 7 642 km² | ||
Folketal | 1 376 352 [1][2] | ||
- storby | 1 393 289 | ||
Folketettleik | 180 / km² | ||
Borgarmeister | Asım Güzelbey | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 27x xx | ||
Retningsnummer | 342 & 343 | ||
Gaziantep 37°03′46″N 37°22′45″E / 37.062777777778°N 37.379166666667°E | |||
Kart som viser Gaziantep.
| |||
Wikimedia Commons: Gaziantep | |||
Nettstad: www.gaziantep-bld.gov.tr |
Gaziantep, framleis og tidlegare uformelt kalla Antep, er ein by søraust i Tyrkia og av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda. Byen ligg 185 km nordaust for Adana og 127 km langs bilvegen nord for Aleppo i Syria. Byen har to bydistrikt under seg, Şahinbey og Şehitkamil. Han er den sjette største byen i Tyrkia og har 1 376 352 innbyggjarar (2011), medan storbyomrdået har kring 1,4 millionar innbyggjarar.
Han ligg nær elva Sacirsuyu, som er ei sideelv til Eufrat. Han er eit viktig vegknutepunkt og handelssenter for mellom anna jordbruksprodukt frå omlandet, som pistasjnøtter og vindruerer. Byen har fleire gamle byggverk mellom anna ruinar av eit austromersk fort frå 500-talet og fleire moskear. Det ligg eit etnografisk museum i byen og universitet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gaziantep er truleg den same byen som den hellenistiske byen Antiokia ad Taurum (Antiokia i Taurusfjella). Arabarane under umayyadane erobra byen i 661, og i 750 gjekk han til abbasidane. Under arabisk styre vart han fleire gonger herja av austromarane og i 962 vart han gjenerobra av austromarane, før seldsjukkane tok byen i 1067. Han vart på ny erobra av krossfararane og langt under grevskapet Edessa i 1098. Han kom til sultanatet Rûm under seldsjukkane i 1150, men vart erobra av zengidane i 1172 og av ayyubidane i 1181. Han vart teken attande av seldsjukkane i 1218 og vart styrt av Ilkhanatet mellom 1260–1261, 1271–1272, 1280–1281 og 1299–1317 og av mamelukkane mellom 1261–1271, 1272–1280, 1281–1299, 1317–1341, 1353–1378, 1381–1389 og 1395-1516.
Det osmanske riket erobar Gaziantep etter slaget ved Marj Dabiq i 1516, under regjeringstida til sultan Selim I.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Gaziantep har eit middelhavsklima med påverknad av kontinentalklima om vinteren, med særs varme, tørre somrar og kalde, våte og stundom snørike vintrar.
Vêrdata for Gaziantep | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 8 | 9,6 | 14,3 | 19,9 | 25,7 | 31,5 | 35,6 | 35,6 | 31,4 | 24,4 | 16,2 | 10 | 21,8 |
Gjennomsnittleg min °C | −0,8 | 0,1 | 3,2 | 7,5 | 12 | 17,1 | 21 | 21 | 16,3 | 10,5 | 4,5 | 1 | 9,5 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 90,2 | 83,3 | 74,5 | 56,1 | 29,3 | 7,9 | 6,3 | 6,6 | 7,8 | 38,7 | 68,3 | 93,6 | 562,6 |
Gns. luftfukt (%) | 72 | 68 | 63 | 61 | 54 | 45 | 37 | 38 | 45 | 56 | 68 | 71 | 57 |
Gns. solskinstimar i månaden | 117,8 | 123,2 | 170,5 | 207 | 269,7 | 318 | 334,8 | 316,2 | 270 | 217 | 165 | 117,8 | 2 627 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]Weatherbase[3] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gaziantep» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: