Greg Rutherford
Greg Rutherford | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 17. november 1986 (37 år) Milton Keynes |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2012 – Lengdehopp herrer, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2014, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 2010 |
Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Gregory James Rutherford, til vanleg Greg Rutherford (fødd 17. november 1986), er ein britisk friidrettsutøvar frå Milton Keynes, særleg kjend som lengdehoppar. Han vart olympisk meister i øvinga i 2012, europameister i 2014 og 2016 og verdsmeister 2015. Rutherford sin personlege rekord på 8,51 meter er også landsrekord.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]I 2005 vann Rutherford lengdetevlinga under den europeisk juniormeisterskapen i litauiske Kaunas med 8,14 meter, britisk juniorrekord. Året etter tok han sølvmedaljen då Europameisterskapen i friidrett 2006 fann stad på Ullevi Stadion i Göteborg. Sølvhoppet målte 8,13 m. Under dei olympiske sommarleikane i Beijing i 2008 hoppa han heile 8,16 m i kvalifiseringa. I sjølve finalen var han prega av sjukdom og enda på tiandeplass med 7,84 m på resultatlista.
Rutherford forbetra den britiske lengderekorden til 8,30 m under VM i friidrett 2009 i Berlin, også det i kvalifiseringa. Rekorden stod til 8. juli 2011, då Chris Tomlinson strekte seg til 8,35 m.
I mai 2012 tangerte Rutherford den britiske rekorden i Chula Vista. Tre månader seinare hoppa han 8,31 m i lengdefinalen under OL i London, nok til å vinne den olympiske gullmedaljen. I 2014-sesongen flytta Rutherford den britiske landsrekorden til sterke 8,51 meter i Chula Vista i april månad. Ved EM i friidrett 2014 i Zürich vart Rutherford så europameister på vinnarresultatet 8,29 meter. To veker i førevegen vart han samveldemeister med 8,20 m i Glasgow.
Rutherford heldt fram medaljehausten dei neste to åra. Han vann gullmedaljen i så vel verdsmeisterskapen 2015, som i europameisterskapen 2016. Under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro vart tredjemann i lengde-tevlinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 8,13 m, bakom Andrew Howe, Italia (8,20 m)
- VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (7,77 m - nr 21)
- OL 2008 i Beijing: Nr 10 – 7,84 m
- VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 8,17 m
- VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (8,00 m - nr 15)
- OL 2012 i London: Gullmedalje – 8,31 m, framom Mitchell Watt frå Australia (8,16 m)
- VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (7,87 m - nr 14)
- EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 8,29 m, framom Louis Tsatoumas frå Hellas (8,15 m)
- VM 2015 i Beijing:Gullmedalje – 8,41 m, framom Fabrice Lapierre frå Australia (8,24 m)
- EM 2016 i Amsterdam:Gullmedalje – 8,25 m, framom Michel Tornéus frå Sverige (8,21 m)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 8,29 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Greg Rutherford» frå Wikipedia på engelsk, den 21. april 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1986
- Britiske lengdehopparar
- Europameistrar i friidrett for Storbritannia
- Olympiske meistrar for Storbritannia
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia
- Britiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Britiske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Britiske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016