Grotte
Grotter eller hòler er naturlege holrom i berg eller fjell under jordoverflata. For at eit holrom skal gå under definisjon grotte, må djupna på holrommet vere større enn det dobbelte av tverrmålet på lysopninga. Holrommet må strekke seg langt innanfor område med dagslys, i anna fall blir holrommet kalla ein heller.
Speleologi er læra om utforskinga eller studiet av alle sider ved grotter og miljøet kring dei. I grotter lever det ofte særeigne dyreartar som blir handsama under holefauna. Grotter har til alle tider òg vore buplass for menneske, og spor etter aktivitetane deira blir handsama under holefunn og holemaleri.
Danning
[endre | endre wikiteksten]Grotter blir danna frå grunnvatn som flyt igjennom bergmassen, spesielt oppløyselege bergartar som kalkstein og marmor. Dette blir kalla forvitring eller erosjon. Grotter kan delast inn i nokon hovudtypar:
- Karsthole
- Brenningshole
- Tektoniske grotter
- Lavagrotter
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Grotte» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mars 2013.
- Lauritzen, Stein Erik. (2009, 14. februar). Grotte. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/grotte.