Gustáv Husák
Gustáv Husák | |||
| |||
Fødd | 10. januar 1913 Dúbravka | ||
---|---|---|---|
Død | 18. november 1991 (78 år) | ||
Statsborgar av | Tsjekkoslovakia, Republikken Slovakia | ||
Parti | Det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet (1933) | ||
Yrke | politikar, advokat, jurist | ||
Utdanna ved | juridisk fakultet ved Comenius-universitetet i Bratislava Gymnasium Grösslingová | ||
Ektefelle | Magda Lokvencová, Viera Husáková | ||
Barn | Vladimír Husák, Ján Husák | ||
Alle verv |
Gustáv Husák (10. januar 1913–18. november 1991) var ein slovakisk advokat og politikar frå Bratislava. Som generalsekretær i det kommunistiske partiet (KSČ ) i Tsjekkoslovakia var han den mektigaste politikaren i Tsjekkoslovakia frå 1969 til 1987.
Hausten 1944 var Husák ein av leiarane for den kortvarige slovakiske nasjonale oppreisten mot Nazi-Tyskland og det slovakiske quisling-styret. Etter verdenskrigen arbeidde han ved ulike partikontor og var frå 1946 til 1950 formann for den slovakiske regjeringa i Tsjekkoslovakia. Under dei stalinistiske utreinskingane i 1950 vart Husák klaga for å vere ein «borgerleg nasjonalist» og dømt til fengsel i 10 år. Gjennom 1960-åra vart han gradvis teken til nåde av partileiinga.
I 1968 deltok Husák aktivt i å slå ned den såkalla Praha-våren. Då Alexander Dubček vart tvinga til å gå av i april 1969, tok Husák over som generalsekretær i kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia, ein posisjon han hadde til 1987. Perioden frå 1975 til desember 1989 var han dessutan den fyrste og einaste slovaken som var president i den tsjekkoslovakiske republikken. Husák førte i alle år ved makta ein politikk der han sakte og systematisk gjenoppretta den Moskva-lojale linja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gustáv Husák» frå Wikipedia på tysk, den 18. februar 2021.