Hayabusa 2
Utsjånad
Hayabusa 2 er ein japansk romsonde på veg til asteroiden 162173 Ryugu. Han har ei liknande utforming som den fyrste Hayabusa-sonden og vart skoten opp frå Tanegashima romsenter 3. desember 2014. Han er venta å nå Ryugu i 2018.
Hayabusa 2 ber med seg landaren MASCOT, som er utforma som ein boks med ein storleik på 30 × 30 × 20 cm. MASCOT veg 10 kg og har eit kamera, eit infraraudt radiometer, eit magnetometer og eit spektrometer. Han har evna til å hoppa omkring på asteroideyta.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Hayabusa (隼) er japansk for «falk», deriblant vandrefalk.