Hekhál
Hekhál (hebr. הֵיכָל hēxāl) (sefardisk) eller aron hakkódesj (askenasisk) er arka eller torá-skåpet i ein synagoge. Hekhálen er eit stort skåp, ofte med fleire dører, som står plassert i sjølve synagogerommet midt på den veggen som vender mot Jerusalem. Hekhálen står oftast på ein opphøgd avsats som blir kalla dukhán.
Funksjon
[endre | endre wikiteksten]Hovudfunksjonen til hekhálen er oppbevaring av torárullane. Hekhálen er synagogens parallell til det aller heilagaste i Tempelet i Jerusalem og blir rekna som det heilagaste punktet i synagogen. Når dørene til hekhál blir opna reiser alle seg — og ein blir ståande til dørene blir lukka att.
Form
[endre | endre wikiteksten]I vesteuropeisk sefardisk tradisjon er det ikkje forheng (parókhet) framfor hekhál, men dette forhenget er i staden plassert innanfor dørene til hekhál. Dei fleste andre tradisjonar har eit forheng framfor hekhál som skjuler dørene det meste av tida.
Andre namn
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste askenasiske jødar kallar hekhálen Aron hakkódesj. Dette namnet er òg noko bruka blant mizrahiske jødar. Ein del sefardiske jødar frå Balkan brukar namnet Hekhál hakkódesj.