Herzliya
Herzliya הֶרְצֵלִיָּה | |||
Hertzliya | |||
by | |||
|
|||
Namneopphav: kalla opp etter Theodor Herzl | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Tel Aviv distrikt | ||
Koordinatar | 32°10′N 34°50′E / 32.167°N 34.833°E | ||
Areal | 21,585 km² | ||
Folketal | 88 734 (2011)[1] | ||
Folketettleik | 4 111 / km² | ||
Grunnlagd | 1924 | ||
Borgarmeister | Yehonatan Yas'ur | ||
Herzliya 32°09′20″N 34°50′32″E / 32.155555555556°N 34.842222222222°E | |||
Kart som viser Herzliya.
| |||
Wikimedia Commons: Herzliya |
Herzliya (hebraisk skrift הֶרְצֵלִיָּה) er ein by på sentralkysten i Israel, nord i Tel Aviv distrikt. Han har 87 000 innbyggjarar.[1] Byen er kalla opp etter Theodor Herzl, grunnleggjaren av moderne sionisme, og dekkjer eit område på 21,6 km². I vest ligg bydelen Herzliya Pituah, eit av dei mest velståande distrikta i Israel og heim til ambassadørar, utanlandske diplomatar og forretningsfolk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Herzliya vart grunnlagd i 1924 som ein delvis fellesgard (moshava) med ein blanda folkesetnad av nye immigrantar og folk som hadde vore fastbuande i området. Etter Israel vart oppretta i 1948, slo store mengder immigrantar seg ned her. I 1960 hadde folketalet nådd 25 000 og Herzliya fekk bystatus.[2]
Demografi
[endre | endre wikiteksten]I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå er innbyggjarane i Herzliya av dei mest velståande i Israel.[3]
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Byen har to fotballag, Maccabi Herzliya og Hapoel Herzliya. Begge held til på Herzliya kommunale stadion som har ein kapasitet på 7 100 tilskodarar. Bnei HaSharon basketballlag spelar kampar i Herzliya og Ra'anana (klubben vart danna då laga i Herzliya og Ra'anana vart slått saman).
Herzliya Pituah
[endre | endre wikiteksten]Nokre av dei dyraste heimane og finaste strendene i Israel ligg i Herzliya Pituah, eit nabolag på vestsida av Herzliya. Herzliya Pituach er eit ynda område for høgteknologiselskap, og båthamna, dei mange restaurantane og uteplassane gjer at Herzliya har eit yrande natteliv.[3]
Midtaustenkonflikten
[endre | endre wikiteksten]Den 11. juni 2002 vart Hadar Hershkowitz (14) drepen i ei restaurantbombing i Herzliya.[4][5] Den 30. mai 2006 vart ein innbyggjar i Herzliya, Re'ut Feldman (20), drepen i Kedumim-bombinga.[6]
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]- Alicante i Spania
- Banská Bystrica i Slovakia (sidan 1995)[7]
- Beverly Hills i California i USA [8]
- Bursa i Tyrkia
- Columbus i Ohio i USA
- Dnipropetrovsk i Ukraina
- San Bernardino i California i USA
- Funchal i Portugal
- Hollywood i Florida i USA
- Leipzig i Tyskland
- Marl i Tyskland
- San Isidro i Argentina
- Toulon i Frankrike
- Yangzhou i Folkerepublikken Kina
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Herzliya» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2010. Henta 4. september 2015.
- ↑ «Herzliya». Israel Wonders. GoIsrael.com. Henta 4. september 2015.
- ↑ 3,0 3,1 Shemes, Hen; Dattel, Lior. «Herzliya: For the Young at Heart, Not the Young». Henta 5. september 2015.
- ↑ «A funeral instead of graduation,» Arkivert 2011-06-12 ved Wayback Machine. Tovah Lazaroff, 13. juni 2002, Jerusalem Post.
- ↑ Hadar Hershkowitz
- ↑ Re'ut Feldman
- ↑ «Banská Bystrica Sister Cities». copy© 2001-2008. Arkivert frå originalen 3. mars 2012. Henta 23. oktober 2008.
- ↑ «Beverly Hills street to honor Herzl». Henta 3. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (he)