Honda F1
Honda Racing F1 er eit Formel 1-lag av den japanske bilprodusenten Honda. Laget har base i Brackley, Northamptonshire i England og nyttar fasilitetane frå det tidlegare laget British American Racing som Honda kjøpte heilt opp i 2005. Motorane vert produsert i Japan. Formel 1-laget vert leidd av briten Nick Fry og har for 2007 sesongen sjåførane Jenson Button og Rubens Barrichello.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Honda entra Formel 1 som konstruktør alt i 1964, men trekte seg ut igjen i 1968 då Jo Schlesser, som køyrde for Honda, omkom under Frankrike Grand Prix det året. Først i 1983 kom bilfabrikanten tilbake til Formel 1. først som leverandør av motorar til det britiske laget Spirit, men alt året etter skifta Honda til laget Williams. Williams-Honda vann konstruktørmeisterskapen både for 1986-sesongen og 1987-sesongen. i 1998 bytta Honda alliansar igjen og med Mclaren vann dei konstruktørmeisterskapen for sesongane 1988, 1989, 1990 og 1991. Etter 1992 tok Honda ei ny pause frå formel 1 sirkuset.
I 1998 vurderte Honda å ta del i formel 1 med et eige lag igjen. Diverre fekk teknisk direktør Harvey Postlethwaite hjarteattakk og døydde under evaluering av ein testbil. Dermed leverte Honda i staden motorar til dei alt etablerte laga British American Racing og Jordan.
Ved slutten av 2005 skaffa Honda seg 100 % av eigarskapet av laget British American Racing, og vart med dette med i Formel 1 for fullt igjen. I tillegg til Jenson Button, som alt var sjåfør i det gamle BAR-laget, skaffa Honda F1 seg Rubens Barichello som var misnøgd i Ferrari og som dermed forlét gamlelaget etter slutten av 2005 sesongen.
Tobakkreklamen som forsvann
[endre | endre wikiteksten]British American Tobacco hadde vore hovudsponsor for det gamle Bar-Honda laget og for det nye Honda laget den første sesongen, men trekte seg som sponsor i 2006. Tobakkreklame var forbode i mange arrangørland og i motorsporten der slik reklame i mange år hadde vore lukrativt for konstruktørlaga, gjorde dei seg meir og meir uavhengig av tobakkreklamen. Med BAT borte, forsvann dermed den kjende Lucky Strike-logoen.
Den nye bilen for 2007 sesongen har i staden berre eit minimum med reklameeffektar, og eit trykk av jordkloden pregar heile bilen, unnateke bakvengen som syner nettadressa www.myearthdream.com, ei nettside som vart aktivert den 27 februar 2007, same dagen bilen vart presentert offentleg.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Honda F1-laget si heimeside Arkivert 2008-09-07 ved Wayback Machine.
- RealHondaF1.com Uoffisiell fanside Arkivert 2008-10-07 ved Wayback Machine.
- Honda F1 history
- Honda Racing F1 'View Suspended'
Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2024 | ||||||||||
Ferrari | Kick Sauber | Alpine | Williams | Red Bull | RB | Mercedes | Aston Martin | McLaren | ||
16 Charles Leclerc 55 Sainz |
2 Sargeant 23 Albon |
1 Verstappen 11 Pérez |
44 Hamilton 63 Russell |
14 Alonso 18 Stroll |
4 Norris 63 Piastri |