Iași
Iași | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Iași | ||
Grunnlagd | 1408 | ||
Borgarmeister | Gheorghe Nichita | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By - Storbyområde |
93,9 km² 787.8 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik - Storbyområde |
271 692 2 893,4 /km² 452 742 | ||
Koordinatar | 47°09′44″N 27°35′20″E / 47.16222°N 27.58889°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 700xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 x32 | ||
Bilnummer | IS | ||
Nettstad: www.primaria-iasi.ro |
Iași (/jaʃʲ/) er ein by og ein kommune nordaust i Romania. Han var hovudstad i Moldavia frå 1500-talet til 1861 og i Kongedømet Romania mellom 1916 og 1918 under den første verdskrigen.
Han er den tredje største byen i Romania og eit økonomisk, kulturelt og akademisk senter i regionen Moldavia. Byen har det eldste universitetet i landet og årleg held over 60 000 studentar til på fem offentlege og tre private universitet i byen. Her er meir enn 50 kyrkjer og fem kultursenter. Kulturlivet krinsar om Nasjonalteateret (det eldste i Romania), Operahuset, Det nasjonale filharmoniske orkesteret, Tătărași Atenuem, ein botanisk hage (den eldste og største i Romania), Det sentrale universitetsbiblioteket (det eldste i Romania), mange museum og minnehus, eit sjølvstendig teater og fleire studentorganisasjonar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Rundt 1564 flytta fyrst Alexandru Lăpuşneanu den moldaviske hovudstaden frå Suceava til Iași. Mellom 1561 og 1563 vart det grunnlagd ein skule og ei luthersk kyrkje av den greske fyrsten Ioan Iacob Heraclid her. I 1640 grunnla Vasile Lupu den første skulen på morsmålet, og denne erstatta den greske skulen. Han sette òg opp ei boktrykkjarpresse i den austromerske Trei Ierarhi-kyrkja, som vart bygd i 1635–1639. I 1643 vart den første boka som nokon gong vart trykt i Moldavia gjeven ut i Iași.
Byen vart brend til grunnen av tatarar i 1513, av omanarar i 1538 og av russiske troppar i 1686. I 1734 vart byen råka av pest.
Med Iașitraktaten enda den sjette russisk-tyrkiske krigen i 1792. Eit gresk opprør og ein okkupasjon under Alexander Ypsilanti og Filiki Eteria (1821 i byrjinga av den greske sjølvstendekrigen) førte til at tyrkarane storma byen i 1822. I 1844 vart det ein alvorleg bybrann.
Mellom 1565 og 1859 var byen hovudstad i Moldavia, og mellom 1859 og 1862 var både Iași og București de facto hovudstadar i Dei donauske fyrstedøma. I 1862, då unionen mellom dei to fyrstedøma vart anerkjend under namnet Romania vart hovudstaden București aleine. For at regjeringa skulle flytte til București bestemte den grunnlovgjevande forsamlinga at det skulle betalast 148 150 lei i ti årlege avdrag til byen, men dette vart aldri gjort.
Dei primitive trehusa i Iași vart stort sett rivne ned etter 1860 og erstatta av hus i murstein og stein. Det vart lagt betre gater der det tidlegare hadde vore smale og usanitære vegar.
Under den første verdskrigen vart Iași hovudstad i det sterkt reduserte Romania i ein periode på to år etter at Sentralmaktene okkuperte București 6. desember 1916. Hovudstaden vart flytta tilbake til București etter at Det tyske riket og deira allierte tapte krigen i november 1918.
I mai 1944 var Iași åstad for intense kampar mellom rumensk-tyske styrkar og den raude arméen, og delar av byen vart heilt lagde i grus. Dei tyske elitestyrkane i Grossdeutschland divisjon vann ein avgjerande siger i slaget ved Târgul Frumos, nær Iași. Slaget vart studert fleire gonger av NATO under den kalde krigen. I juli hadde sovjetiske styrkar likevel teke over Iași.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Iași er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Iași | 290 422 | 271 692 |
Storbyområde
[endre | endre wikiteksten]Storbyområdet omfattar Iași og 26 mindre kommunar med eit samla folketal i 2021 på 452 742.[3][4]
Kommune | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|
Iași | municipiu | 271 692 |
Aroneanu | comună | 4 338 |
Bârnova | comună | 7 913 |
Ciurea | comună | 17 254 |
Comarna | comună | 4 221 |
Costuleni | comună | 4 080 |
Dobrovăț | comună | 2 128 |
Golăiești | comună | 3 563 |
Grajduri | comună | 3 687 |
Holboca | comună | 13 697 |
Lețcani | comună | 6 845 |
Miroslava | comună | 28 534 |
Mogoșești | comună | 4 706 |
Movileni | comună | 2 895 |
Popricani | comună | 7 236 |
Prisăcani | comună | 3 638 |
Rediu | comună | 8 295 |
Românești | comună | 1 524 |
Scânteia | comună | 5 505 |
Schitu Duca | comună | 3 619 |
Țigănași | comună | 4 114 |
Tomești | comună | 12 169 |
Țuțora | comună | 2 063 |
Ungheni | comună | 3 582 |
Valea Lupului | comună | 14 510 |
Victoria | comună | 3 819 |
Voinești | comună | 7 105 |
Total | 452 742 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Iași» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juli 2008, som oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica
- http://www.insse.ro
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 15. april 2022.
- ↑ «Membrii ZMI». Zona Metropolitană Iași. Henta 18. oktober 2023.
- ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022.