Hopp til innhald

Indira Gandhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indira Gandhi

Statsminister i India
Periode1966-1977
1980-1984
PartiKongresspartiet
Fødd19. november 1917
FødestadAllahabad
Død31. oktober 1984
DødsstadNew Delhi
MorKamala Nehru
FarJawaharlal Nehru
EktefelleFeroze Gandhi
BarnSanjay Gandhi
MedlemNational Flag Presentation Committee
FøregangarGulzarilal Nanda
Charan Singh
EtterfølgjarMorarji Desai
Rajiv Gandhi

Indira Gandhi (19. november 191731. oktober 1984) var ein indisk politikar, statsminister i landet i periodene 1966-1977 og 1980-1984. Ho var den første kvinnelege statsministeren i India.

Gandhi var dotter av den første indiske statsministeren Jawaharlal Nehru, og mor til seinare statsminister Rajiv Gandhi. Ho var gift med Feroze Gandhi, og ikkje i slekt med Mahatma Gandhi.

Ho var statsminister då ho blei drepen av sikh-livvaktene sine etter å ha sendt militæret i Det gylne tempelet i Amritsar mot sikhistiske nasjonalistar.

Den unge Indira med Mahatma Gandhi under fasten hans i 1924.

Indira Gandhi var fødd som Indira Priyadarshini Nehru i Allahabad den 19. november 1917.[1][2] Familien hennar var kashmiri-panditar. Far hennar, Jawaharlal Nehru, var ein leiande person i den indiske frigjeringsrørsla frå det britiske kolonistyret. Ved delinga av Britisk India blei han den første statsministeren i unionen og seinare republikken India.[3] Ho voks opp som einebarn - ho hadde ein yngre bror, men han døydde som liten.[4] Indira voks opp med mora, Kamala Nehru, ved Anand Bhavan, eit stort slektegods i Allahabad.[5] Ho hadde ein einsam og trist barndom.[6] Faren var ofte vekke, anten for å utføra politisk arbeid eller sett i fengsel av kolonistyresmaktene, medan mora ofte var sjuk og sengeliggjande. Ho døydde ung av tuberkulose.[7] Indira hadde lite kontakt med faren i barndommen, det meste var gjennom brevveksling.[8]

Indira Gandhi fekk mykje opplæring heime privatlærarar, men gjekk no og då på skule og fullførte skulegangen i 1934. Ho var elev ved Modern School i Delhi, St Cecilia's og St Mary's Christian klosterskular i Allahabad,[9] International School of Geneva, Ecole Nouvelle i Bex og Pupils' Own School i Poona og Bombay, som er tillknytt University of Mumbai.[10]

Ho og mora flytta til Belur Math, hovudkvarteret til Ramakrishna Mission, og Swami Ranganathananda blei verjen hennar.[11] Seinare blei ho student ved Visva-Bharati University i Santiniketan, der Rabindranath Tagore gav henne namnet Priyadarshini. Etter dette blei ho kjend som Indira Priyadarshini Nehru.[12]

Mora drog til Europa for helsa si, og Indira flytta etter for å passa på henne. Etter at mora døydde gjekk Indira ei kort tid på Badminton School før ho blei elev ved Somerville College ved Universitetet i Oxford. Her byrja ho å studera historie i 1937.[13] Ho gjorde det godt i historie, statsvitskap og økonomi, men ikkje så godt i det obligatoriske faget latin.[14][15] I studietida var ho aktiv i studentlivet, mellom anna Oxford Majlis Asian Society.[16]

  1. Frank 2010, s. 13.
  2. Pupul Jayakar (27. november 1992). Indira Gandhi: A Biography. Penguin Books India. s. 10. ISBN 978-0-14-011462-1. 
  3. Gupte 2012, s. 3.
  4. Frank 2010, s. 31.
  5. Frank 2010, s. 16.
  6. Frank 2010, s. 25.
  7. Frank 2010, s. 32.
  8. Frank 2010, s. 55.
  9. Gupte, Pranay (2011). Mother India : a political biography of Indira Gandhi / Pranay Gupte. (Rev. utg.). New York: Penguin Books. s. 151–152. ISBN 9780143068266. Henta 16. august 2016. 
  10. Frank 2010, s. 29,75,83.
  11. Indira Gandhi: Daughter of India 2002, s. 42,43,45.
  12. Frank 2010, s. 90.
  13. Frank 2010, s. 116.
  14. Somervill 2007, s. 36.
  15. Gupte 2012, s. 184.
  16. http://oxfordmajlis.wix.com/majlis
  • Skard, Torild (2014). «Indira Gandhi». Women of Power: Half a Century of Female Presidents and Prime Ministers Worldwide. Bristol: Policy Press. ISBN 9781447315780. 
  • Barbara Somervill (2007). Indira Gandhi: Political Leader in India. Capstone Publishers. ISBN 978-0756518851. 
  • Katherine Frank (2010). Indira: the life of Indira Nehru Gandhi. HarperCollins. ISBN 978-0007372508. 
  • Meena Agrawal (2005). Indira Gandhi. Diamond Pocket Books. ISBN 978-81-288-0901-9. 
  • Pranay Gupte (2012). Mother India: A Political Biography of Indira Gandhi. Penguin Books. ISBN 978-0143068266. 
  • Pupul Jayakar (1997). Indira Gandhi: A Biography. Penguin Books. ISBN 978-0140114621. 
  • Yogendra Kumar Malik (1988). India: The Years of Indira Gandhi. Brill Publishers. ISBN 978-9004086814. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Indira Gandhi