Ingemar Stenmark
Utsjånad
Ingemar Stenmark | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 18. mars 1956 (68 år) Joesjö |
Yrke | alpinist |
Høgd | 181 centimeter |
Ingemar Stenmark på Commons |
Ingemar Stenmark (fødd 18. mars 1956) er ein svensk tidlegare alpinist frå Joesjö ved Tärnaby som vann verdscupen i alpine greiner tre år på rad, 1976-78, og vart dobbelvinnar både under verdsmeisterskapen 1978 og vinterleikane 1980. I 1982 vart han verdsmeister i slalåm. Stenmark vann i alt fem gullmedaljar, ein sølv- og ein bronsemedalje i OL og VM i tida 1976-82. I verdscupen i alpine greiner er han den mestvinnande utøvaren sidan tevlingane kom i gang i 1967. I tida frå desember 1974 til februar 1989 vann han 86 renn i verdscupen, 46 i storslalåm og 40 i slalåm.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av Verdscupen i alpine greiner: 1976, 1977, 1978
- Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Bronse i storslalåm
- VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen: Gull i slalåm og storslalåm
- Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Gull i slalåm og storslalåm
- VM i alpine greiner 1982 i Schladming: Gull i slalåm og sølv i storslalåm
Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1979.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1956
- Svenske alpinistar
- Verdsmeistrar i alpine greiner
- Olympiske meistrar for Sverige
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1976
- Alpinistar under vinter-OL 1976
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1980
- Alpinistar under vinter-OL 1984
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1988
- Alpinistar under vinter-OL 1988
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen