Hopp til innhald

Isfahan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isfahan
by
Land  Iran
Region Isfahan-provinsen
Areal 493,82 km²
Folketal 1 961 260 (2016)[1][2]
Kart
Isfahan
32°39′09″N 51°40′29″E / 32.6525°N 51.674722222222°E / 32.6525; 51.674722222222
Wikimedia Commons: Isfahan
Chehel Sotoon er ein kjend turistattraksjon i Isfahan

Isfahan eller Eşfahān (historisk òg stava Ispahan, mellompersisk Spahān, persisk skrift اصفهان), er den tredje største byen i Iran, etter Teheran og Mashhad. Han ligg omtrent 340 km sør for Teheran og er administrasjonssenteret i Isfahan-provinsen. Folkesetnaden i 2000 var 2 540 000.

Isfahan er ein av dei eldste byane i Persia. Han er omtalt av Ptolemaios under namnet Aspadana, eit anna eldre namn var Djaiy. Isfahan verker å ha vore ein viktig by i den muslimske tida fram til han blei øydelagd av Timur Lenk i 1387. Byen voks att då Abbas I gjorde byen til persisk residensby.[3]

Isfahan ligg ved breidda av Zayandeh Rud. Langs sørbreidda av elva ligg forstaden Djulfa, som er kalla opp etter den tidlegare armenske byen Djulfa. Innbyggjarane i denne byen blei deporterte til Isfahan av Abbas den store i 1605. Mange armenske kyrkjer pregar området. Byen hadde tidlegare sidan sassanidekongen Yazdegerd I si tid ein viktig jødisk koloni, som sidan siste halvdel av 1900-talet er heilt forsvunnen.

Isfahan ligg langs karavanevegen Teheran-Isfahan-Shiraz-Bushehr-Bender Abbas. Han var eit viktig handelssenter og ein av dei mektigaste byane til det persiske riket frå 1600-talet og fram til 1722. Byen blei erobra i 1722 av afghanfyrsten Mahmud Ghilzai. Han blei gjenerobra i 1729 av Nadir Shah, men vann aldri tilbake den tidlegare stillinga si. I staden vaks Teheran fram som hovudstaden i landet.[4]

Isfahan ligg cirka 340 km sør for Teheran. Byen er kjend for sin store moské (fram til 1979 kjent som Masjed-e Shah, deretter Masjed-e Emam, begge namna blir brukt på folkemunne). Der finst òg eit anlegg for anriking av uran.

I 1979 blei Meidan Emam i Isfahan sett på UNESCO si verdsarvliste.[5]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.citypopulation.de/Iran-MajorCities.html.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 
  3. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 14, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1933, s. 55. 
  4. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 14, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1933, s. 54–55. 
  5. Skildring av Meidan Emam på nettstaden til Unesco

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Isfahan