Itzehoe
Itzehoe | |||
by | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Areal | 28,03 km² | ||
Folketal | 32 319 (31. desember 2023) | ||
Itzehoe 53°55′30″N 9°30′59″E / 53.925°N 9.5163888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Itzehoe |
Itzehoe er ein by i den tyske delstaten Schleswig-Holstein i det nordlege Tyskland. Byen har vel 32 000 innbyggjarar (2011) og er hovudstad i Steinburg-krinsen.
Itzehoe ligg ved elva Stör, ei farbar sideelv til Elben. Byen ligg 51 km nordvest for Hamburg og 24 km nord for Glückstadt.
Mellom bygningane finn ein St. Laurentii-kyrkja frå 1100-talet, rådhuset, der delar av bygningen er frå 1695, samt Klosterhof, restane av eit cisterciensarkloster som vart grunnlagt i 1256.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Itzehoe er den eldste byen i Holstein og voks fram rundt ei borg som vart bygt frå 809. Byggearbeida var sett i sving under greiven Egbert, ein vasall under Karl den store, og skulle forsvare maktområdet hans mot danskar.
Byen vart lagt øyde i 1201, og gjenoppbygd frå 1224. Både under trettiårskrigen, i 1644, og den fyrste nordiske krig, 1657, vart byen øydelagd. Itzehoe vart lagt under Prøyssen i 1867, som ein del av hertugdømmet Schleswig-Holstein.
Tysklands lågaste punkt, 3,54 meter under havet, ligg i Wilstermarch like ved byen.