Jan Brueghel
Jan Brueghel | |
Statsborgarskap | Habsburg Netherlands |
Fødd | 1568 Brussel |
Død |
13. januar 1625 (56 år) |
Yrke | kunstmålar, kunstnar, grafikar, bygningstegner, biletkunstnar |
Sjanger | landskapsmåleri, sjangerkunst, stilleben, historiemåleri, sjangermåleri, religiøst maleri, dyremåleri, portrettmåleri, arkitekturmaleri |
Medlem av | Antwerpen Sankt Lukas Gilde |
Far | Pieter Bruegel den eldre |
Mor | Mayken Coecke |
Ektefelle | Isabelle de Jode, Catharina van Marienberghe |
Born | Jan Brueghel den yngre, Ambrosius Brueghel, Anna Brueghel, Paschasia Brueghel |
Jan Brueghel på Commons |
Jan Brueghel den eldre (1568–13. januar 1625) var ein nederlandsk målar fødd i Brussel. Han måla blomar, landskap og Edens hage i emaljeliknande måleri, noko som gav han tilnamnet «Fløyels-Bruegel». Pieter Bruegel den eldre var far hans. Også sønene Jan Bruegel den yngre og Ambrosius Bruegel var målarar.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Bruegel var, etter først å ha vorte rettleia av mormora, miniatyrmålaren Marie Verhulst, elev av Peeter Goetkint den eldre i Antwerpen. Etter å ha vore i Italia i fem år, 1590-95, busette han seg i Antwerpen. Han laga ei stor mengde av sirleg måla landskapsbilete i lite format. Bileta var rikt utstyrt med mange menneskefigurar og dyr, ofte måla i ein blågrøn fargetone. Måleria veksla både mellom bibelske og mytologiske motiv, samt scener or det samtidige kvardagslivet. Han var også ein framifrå stilleben-målar, der han framom alt måla blomar i vasar.
Ved sida av si eiga produktive verksemd, samarbeidde Bruegel med andre målarar, mellom anna med sin nære ven Peter Paul Rubens. Til dømes måla han landskapet og blomsterkorga i Rubens sitt måleri Dei tre gratiene. Evnene hans som figurmålar gjorde at han bidrog med måling av staffasjefigurar på bileta til andre nære kjenningar i målarlauget. Til dømes måla Bruegel ofte figurar i Joos de Momper sine landskapsbilete. På andre sida måla Rubens, Hendrik van Balen og andre målarar av og til figurane i Bruegels eigne landskap.
Daniel Seghers var elev av Bruegel.
Jan Bruegel den eldre døydde i 1625 i Antwerpen av kolera, til liks med tre av borna hans.
Verk i utval
[endre | endre wikiteksten]- Elvelandskap, 1607
- Bønder på veg til marknaden, 1607
- Landskap med bondegardar, 1609
- Vase med blomar og insekt
- Edens hage, ca. 1620
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jan Brueghel der Ältere» frå Wikipedia på tysk, den 24. april 2012.