Jiaxing
Jiaxing | |||
byprefektur | |||
Nanhusjøen i Jiaxing
| |||
Land | Kina | ||
---|---|---|---|
Provins | Zhejiang | ||
Areal | 4 222,87 km² | ||
Folketal | 4 501 657 (2010) | ||
Jiaxing 30°45′08″N 120°45′00″E / 30.7522°N 120.75°E | |||
Wikimedia Commons: Jiaxing |
Jiaxing (hanzi 嘉兴, pinyin Jiāxīng) er eit byprefektur nord i provinsen Zhejiang ved kysten av Folkerepublikken Kina mot Austkinahavet. Prefekturet har eit areal på 3 915 km² , folketalet vart i 2016 berekna til 4,61 millionar. Innanfor bygrensene budde i kring 800 000 menneske.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Prefekturet Jiaxing omfattar to distrikt, tre byfylke og to fylke.
Byen Jiaxing ligg ved elva Huangpu, som renn vidare til Shanghai i nord, og derifrå ut i Chang Jiang og Austkinahavet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det kinesiske kommunistpartiet vart formelt stifta i Jiaxing gjennom eit vedtak den 31. juli 1921 på ein båt ute på Nanhusjøen i Jiaxing sør for byen. Dette møtet fann stad etter at delegatene i hui og hast rømde frå Shanghai, der stiftingskongressen hadde vorte opna.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Jiaxing er ein av dei største produsentane av silke i Kina. I det heile er varer frå tekstilindustrien sterkt etterspurde. Byen er elles ein av verdas største eksportørar av lervarer. Også mekanisk, kjemisk og elektronisk industri er utbreidd i Jiaxing.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 320 går gjennom området. Han tek til i Shanghai og går sørvestover via Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali til grensa mellom provinsen Yunnan og Myanmar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jiaxing» frå Wikipedia på bokmål, den 1. april 2011.