Hopp til innhald

Johannes Reuchlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Reuchlin

Statsborgarskap Det tysk-romerske riket
Fødd 29. januar 1455
Pforzheim
Død

30. juni 1522 (67 år)
Stuttgart

Yrke filosof, teolog, skribent, omsetjar, universitetslærar, jurist
Språk latin, hebraisk, tysk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Georg Reuchlin
Mor Elisabeth Eck
Johannes Reuchlin på Commons

Johannes Reuchlin (29. januar 145530. juni 1522) var ein tysk humanist og filolog som også bidrog til gjennomføringa av reformasjonen i Tyskland. Han blir rekna som grunnleggaren av den klassiske filologien i Tyskland. I tillegg til gresk og latin studerte han òg hebraisk ivrig, og bidrog både med den personlege undervisninga si som ved utgivinga av språkvitskaplege verk til å utbreia kjennskapen til alle dei tre språka.

Johannes Reuchlin blei fødd ved Pforzheim i Schwarzwald i 1455, der faren hans arbeidde ved det dominikanske klosteret. Han blei verande glad i heimbyen sin, og meinte Pforzheim var grunnen for hangen hans til litteraturen. Det var her han byrja latinstudiane sine på klosterskulen, og i 1470 var han ei kort tid i Freiberg, men universitet synest å ha lært han lite.

Karrieren hans som akademikar synest å ha byrja nærast ved eit uhell; han fekk ein posisjon ved hushaldet til Karl I, markgreve av Baden, som hoffsongar sidan han hadde slik ei vakker røyst, og kort tid etter blei han vald til å følgja unge Frederick, den tredje sonen til greven, til Universitetet i Paris på grunn av latinkunnskapane sine. Frederick var bestemt til ein karriere i kyrkja. Det nye sambandet varte ikkje lenge, men det sette kursen for livet til Reuchlin. Han byrja no å læra seg gresk, som det hadde blitt undervist i i Paris sidan 1470, og han blei snart leiaren for dei parisiske realistane. Då han blei nøydd til å forlata Paris saman med grevesonen, drog han til Universitetet i Basel i 1474, der han kunne halda fram dei klassiske studiane sine. Han gav ut eit latinsk leksikon, Breviloquus siva dictionarium singulas voces latinas breviter explicans, blei filosofie magister i 1477, og byrja sjølv å forelesa i gresk.

Han fekk kritikk for dette og forlét Basel. Først drog han til Paris og deretter vidare til Orléans. Her studerte han juridikum, og heldt fram med desse studiane i Poitiers, der han blei juris licentiat. Han drog tilbake til heimbyen sin i 1481 og byrja å verka som advokat i Tübingen. På same tid blei han juris doktor, og tok opp igjen førelesingane sine på gresk.

Våpenskjoldet til Reuchlin

Greve Eberhard I av Württemberg tilsette han som privatsekretær, og i denne posisjonen følgde han greven til Roma i 1492 for å ta del i ein audiens hjå pave Sixtus IV. Der gjorde han grekarane overraska med kunnskapane sine i gresk. Etter skikkane som var på den tida blei namnet hans gjort greskklingande av vennene hans i Roma til Capnion (Καπνίων). Reuchlin nytta sidan namnet som ei slags gjennomsiktig maske då han introduserte seg sjølv som ein interlocutor (samtalepartnar) i det fyrste betydelege verket sitt, De Verbo Mirifico.[1] På tilbakereisa frå Roma fekk han læra å kjenna fleire framståande humanistar som var samla rundt hoffet til Lorenzo de' Medici i Firenze.

1484 blei Reuchlin assessor ved hoffretten i Stuttgart, og blei nytta av greve Eberhard for fleire oppdrag ved andre hoff. Etter endå ei reise til Italia følgde han greven til keisar Fredrik III i Linz, som han kom på god fot med. Keisaren viste han heider og verdigheit ved å opphøgja han til adelsstanden med tittelen pfalzgreve.

Fortsette studiar

[endre | endre wikiteksten]

Livlegen til keisaren introduserte han for studiar i hebraisk, og Reuchlin byrja deretter med stor inspirasjon å studera Kabbala. Resultatet av desse studiane kom i 1494 i det før nemnde verket De verbo mirifico. Det var dette verket som i stor grad la grunnen for det litterære omdømet hans.

På denne tida var Reuchlin mest opptatt av hebraisk og litteratur. Han blei ikkje berre den fyrste verkeleg greskkunnige tyskaren, men også den fyrste hebraiskkunnige i renessansen. Som trespråkleg lærd blei han verdsett som den fremste lærde humanisten.

Då grev Eberhard døydde i 1496 flytta Reuchlin frå Stuttgart til Heidelberg, der han fekk innpass ved hoffet til kurfyrste Filip av Pfalz (1448-1508).[2] I 1498 blei han send av kurfyrsten til Roma, og blei verande der heile året for å halda fram dei klassiske studiane sine.

I 1499 reiste han tilbake til Stuttgart. I 1502 blei han vald til dommar ved den sveitsiske forbundsdomstolen, men då domstolen blei plassert i Augsburg, forlét han embetet sitt, og vigde seg i staden til advokatyrket og vitskapleg arbeid. I 1506 kom det banebrytande verket hans De rudimentsis linguce hebraicce ut.

«Kampen om bøkene» og protest mot brenning av jødiske skrifter

[endre | endre wikiteksten]
Statue av Reuchlin ved slottskyrkja i Pforzheim.

I 1510 blei Reuchlin innblanda i ein langvarig strid med den jødiske konvertitten Johannes Pfefferkorn på grunn av det fanatiske jødehat denne hadde. Reuchlin hadde gitt seg i kast med å studere hebraisk, anspora av den humanistiske overtydinga si om at alle filosofiar og religionar, ikkje berre kristendommen, rommar moral og åndelege sanningar. Pfefferkorn, som nylig var omvendt frå jødedommen og gått inn i dominikanarordenen, gjekk til åtaka på Reuchlin sin bruk av jødiske tradisjonar til å belysa kristen teologi. Tyske universitet støtta for det meste synspunkta til Pfefferkorn, medan humanistane støtta Reuchlin.[3]

Pfefferkorn hadde foreslått at alle jødiske skrifter skulle brennast, og lykkast i å få keisar Maximilian I og dominikanarmunkane i Köln på si side. Då Reuchlin protesterte mot forslaget, blei han utsett for veldige angrep frå dominikanarane. Først trekte han seg unna konflikt, men gjekk sidan inn i ein sterk polemikk, «kampen om bøkene», dvs. to brevsamlingar.

Etter kvart som frontane hardna, gav Reuchlin ut Epistolae clarorum virorum (‘Brev til opplyste menn’), korrespondansen sin med andre som delte hans syn. Dette utløyste eit svar i den satiriske brevsamlinga Epistolae obscurorum virorum (‘Brev til formørkte menn’), som kom ut i 1515/16 og var ført i pennen av anonyme skribentar og gav seg ut for å vera brev frå ulike trongsynte skolastikarar som støtta dominikanarane. Sjølv om debatten dreidde seg om den eventuelle verdien av hebraisk-studiar i kristen-teologisk samanheng, markerte han tydeleg skiljet mellom livssyna til humanistane og skolastikarane. Derfor mistolka mange den byrjande reformasjonen som eit forbigåande framhald av denne usemja mellom humanistar og skolastiske teologar om hensikta med hebraisk-studiar i kristen-teologisk samanheng.[4]

I samtida såg Luther og tilhengarane hans tiltalane mot Reuchlin som opptakta til reformasjonen. Historikarar på 1800-talet skildra Reuchlin som ein forsvarar av dei undertrykte jødane. Dette har dempa seg, basert på den skepsis Reichlin sjølv uttrykte mot jødar.[5]

Forhøyrsleiaren til dominikanarane, Jacob Hoogstraaten (1460–1527) fekk ryggdekning frå universiteta, det franske kongehuset, den seinare keisaren Karl 5. og den seinare paven Hadrian 6. I starten gjaldt kritikken Reuchlin sin bruk av jødisk stoff, og berre sekundært eit forsvar for skolastisk teologi mot humanistiske angrep.[6] Hoogstraaten opna sak mot Reuchlin for kjetteri i 1513, på bakgrunn av skriftet Augenspiegel frå 1511. Reuchlin på si side appellerte til pave Leo X, som utnemnde eit tribunal til å bedømma saka. I 1514 blei ho henlagd, og Hoogstraaten bel dømt til å betala 111 gulldukatar i sakskostnad. I 1516 blei han avsett av dominikanarane, men heldt fram skribentverksemda si.[7] Medan saka utvikla seg, tok humanistar i Europa lojalt parti for Reuchlin mot dominikanarane, og i 1516 frikjende ein pavelig kommisjon Reuchlin for kjettartiltalen.[8]

I 1520 blei pave Leo merksam på den byrjande reformasjonen, og endra då syn på Reuchlin, som fekk sett alle vekra sine på Index librorum prohibitorum som forboden lesing. Gjennom heile striden, der fransiskanarar stod mot dominikanarar, Austerrike mot Frankrike, og humanistane mot lærde reaksjonære, hadde ironisk nok Reuchlin halde fram å vera ein from katolikk Ha tok avstand frå Luther og reformasjonen, der eit barnebarn til systera hans Elisabeth, Philipp Melanchthon, kom til å spela ei leiande rolle.[9]

Dei siste åra

[endre | endre wikiteksten]

I 1519 blei Stuttgart ramma av hungersnød, borgarkrig og pest. Frå november dette året og til våren 1521 var Reuchlin professor i hebraisk og gresk dels i Ingolstadt og dels i Tübingen. Han hadde fått eit høgt omdømme både som intellektuell og som menneske. Han rørte aldri direkte ved ideane til reformasjonen, men gjennom dei grammatikalske studiane sine og arbeid i gresk og hebraisk gagnet han i høg grad saka til reformasjonen. Våren 1522 følte den aldrande lærde det nødvendig å besøka bada ved Liebenzell, og der blei han smitta med gulsott, som han kom til å døy av. Namnet hans innanfor filologien var då så stort at det berre var den yngre samtidige, Erasmus av Rotterdam, som kunne ta opp arven.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Sergius sive capitis caput (1507), eit satirisk lystspel
  • Der augenspiegel (1511)
  • Reuchlins svar på Pfefferkorns smedeskrift Handspiegel (1512)
  • Dei sju botssalmane med hebraisk tekst (1512)
  • De arte cabbalistica (1517)
  • De accentibus et orthographia Hebrceorum libri III (1518)