John Glenn
John Glenn | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 18. juli 1921 Cambridge |
Død | |
Yrke | politikar, offiser, testflyger, manusforfattar, flygar, romfarar, romfarar, forretningsdrivande, næringslivsleiar, musikar, filmskodespelar |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Religion | Presbyterianisme |
Far | John Herschel Glenn |
Mor | Clara Sproat |
Ektefelle | Annie Glenn |
John Glenn på Commons |
John Herschel Glenn Jr. (18. juli 1921–8. desember 2016), var ein USA-amerikansk astronaut og politikar.
Glenn studerte realfag ved Muskingum College og fekk flygarutdanning i marinen i 1942. Han vart offiser i US Marine Corps i 1943, og var aktiv pilot under den andre verdskrigen og Koreakrigen. I 1959 vart John Glenn utvald som astronaut som ein av dei første sju «Mercury Seven» astronautane som vart plukka ut av NASA til det amerikanske Mercury-programmet.
Den 20. februar 1962 vart John Glenn den første amerikanaren i bane rundt jorda, i romfartøyet «Friendship 7». John Glenn vart etterpå konsulent hjå NASA fram til 1965. I november 1974 vart han vald til senator frå Ohio. Han vart attvald i 1980, 1986 og 1992. Den 29. oktober 1998 var Glenn, i ein alder av 77 år, med romferja Discovery på STS-95-ferda, og vart såleis den eldste romfararen nokonsinne.