Hopp til innhald

John Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Lie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1846
Fyresdal komune
Død

1916 (70 år)

Yrke skribent
Born Haakon Lie

John Persson Lie (8. mai 184621. april 1916) var ein norsk lærar, gardmann og forfattar frå Fyresdal i Telemark. Han var far til Haakon Lie.

John Lie skreiv i yngre år dikt på telemål. Saman med broren Hallvor Lie, som døydde i 1876, gav han ut i 1874 diktsamlinga Hugaljo. Dei fleste dikta har med motiv frå norsk natur og folkeliv, så som «Aarolilja» frå 1879. Særleg kjend var han for sine Bjørnson-inspirerte folkelivsskildringar. Staali Storli. En fortælling fra Telemarken, som kom ut i 1880, var ei av dei mest populære.

Mange av bøkene til Lie gjekk som framhaldsstykkje i norsk-amerikanske aviser og blad og var med å styrkje norsk språkkjensle mellom utvandrarane. Dei fleste forteljingane er forfatta i riksmålet, enkelte omsette han sjølv til landsmål, så som Bondekveldar frå 1914. John Lie skreiv elles forteljingar om dyr, noko Paa fjell og fynne frå 1897 er døme på. Nokre av desse forteljingane vart spreidde gjennom Nordahl Rolfsen sine lesebøker.

  • Solberg, A. Audhild; Allkunne: John Lie i Store norske leksikon på snl.no. Henta 20. mai 2023.