Kalookan
Utsjånad
Kalookan (tagalog: Lungsod ng Kalookan) er ein by på øya Luzon i Filippinane. Byen er den tredje største byen i landet, med i kring 1,49 millionar ibuarar i fylgje folketeljinga 2010. Kalookan høyrer med i storbyområdet Manila og er delt i to delar, den sørlege og minste delen ligg inne i metropolen, medan den større nordlge delen utgjer eit randområde til metropolen.
Byen Kalookan vart grunnlagd i 1815. Oppstanden mot det spanske koloniveldet på Filippinane tok til i Kalookan då den revolusjonære gruppa Katipunan vart danna i byen i 1892.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Caloocan City» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Lungsod ng Kalookan» frå tg, den 8. september 2013.