Kanadarøye
Kanadarøye | |
Kanadarøye | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart med låg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Laksefiskar Salmoniformes |
Familie: | Laksefamilien Salmonidae |
Slekt: | Salvelinus |
Art: | Kanadarøye S. namaycush |
Vitskapleg namn | |
Salvelinus namaycush |
Kanadarøye er ein laksefisk som lever i mange innsjøar i Nord-Amerika. Ho er òg utsett mange andre stadar som sportsfisk, m.a. i Trøndelag og på Austlandet. Norsk svarteliste 2007 vurderer ho som ein høgrisikoart fordi ho kan gjera så store innhogg i dei naturlege bestandane av aure og røye.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Som andre røyer har kanadarøya lyse prikkar på mørk grøn til grå botn, men fargen varierer med miljøet.Ryggen er alltid lyst marmorert, og halen er djupt kløfta. Arten har eit stort hovud og er svakt underbitt, og kan bli opptil 126 cm og 46 kg. Han høyrer difor mellom dei største reine ferskvasslaksefiskane.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Kanadarøya trivst både i grunt og djupt vatn, og er ein vandrande art. Sidan dei for det meste er reine ferskvassfisk (opptrer ein sjeldan gong i brakkvatn) vert vandringane avgrensa av storleiken på vassdraget og den einskilde fisken.
Kanadarøye er rovfisk som et eit vidt spekter av ulike dyr: fisk, krepsdyr, insekt, ferskvassvampar og små pattedyr, men nokre bestandar et plankton heile livet. Desse populasjonane veks sakte, vert tidlegare kjønnsmogne og døyr relativt unge sett i høve til dei som et fisk.
Gytinga skjer om natta, når på året ho skjer varierer med utbreiingsområdet. Hannane kjem til gyteplassen først og brukar tid på å vaska stein. Når hoene kjem nokre dagar seinare tek hannane til å kurtisera dei ved å pressa seg mot dei og skjelva. Egga fell ned i holrom på botnen, og dei gytande skiljast. Prosessen vert oppatteken heilt til hoa er tom for egg. Stundom kan så mange som sju hannar og tre hoer delta i ein stor massegytingsseanse.
Kanadarøye i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Kanadarøya kom til Noreg tidleg på 1970-talet, då yngel frå eit klekkeri i Sverige vart sett ut i Rømmervatna, Kvesjøen og Murusjøen i Lierne. Den dag i dag er det formeiringsdyktige bestandar her. Dette vassdraget renn vidare ut i den svenske Ångermanälven, så vidare norsk spreiing vil ikkje kunne skje derifrå. I dag har ein likevel funne arten både i ni innsjøer i Nord-Trøndelag, og i Tunnsjøen (Lierne) og Limingen (Røyrvik). Om fisken formeirar seg her er framleis uklart.
Ved Oslo blei kanadarøye sett ut i Lutvann og Nøklevann som eit eksperiment i 1985. I alle fall i Lutvann ser det ut til å førekomma gyting. Det føreligg òg nokre usikre observasjonar frå Maridalsvatnet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Artsdatabanken
- Fishbase
- (no) Kanadarøye hos Artsdatabanken
- (en) Kanadarøye – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Kanadarøye i Encyclopedia of Life
- (en) Kanadarøye i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Kanadarøye hos Dyntaxa
- (en) Kanadarøye hos Fauna Europaea
- (en) Kanadarøye hos FishBase
- (en) Kanadarøye hos ITIS
- (en) Kanadarøye hos NCBI
- (en) Kategori:Salvelinus namaycush – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Salvelinus namaycush – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons