Karbonnanorøyr
Utsjånad
Karbonnanorøyr eller berre nanorøyr er ei sylinderforma form av grunnstoffet karbon, utvikla av eit samanrulla grafén og som utgjer ein del av nanoteknologien.
Dei er berre nokon nanometer i diameter, men fleire tusen nanometer lange. Nanorøyr av karbon er sterkare enn noko anna kjent stoff og lettare enn aluminium. Dei kan bøyast og blir opp att retta utan å ta skade og leie opptil 1000 gonger meir straum enn ein vanleg koparleidning.
Fleirvegga nanorøyr (MWNT) dannast ved å deponere hydrokarbon i gassfase på ein katalysator. Enkeltvegga nanorøyr (SWNT) dannast når karbon og ein katalysator samstundes blir leia inn i ein lysboge i edelgassatmosfære.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- nanorør. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/nanor%C3%B8r